Formannskapet i Austevoll vil ikkje innføra tilsetjings— og innkjøpsstopp trass i at kommunen går mot eit underskot på 12 millionar kroner for dette året. Formannskapet drøfta torsdag ein rapport som syner ein dramatisk forverring av situasjonen. Kommunen har budsjettert med eit underskot på vel fire millionar kroner. Som følgje av pensjonsinnskot til KLP og dyrt lønsoppgjer aukar det forventa underskotet med åtte millionar kroner til totalt 12 millionar.

Ordførar Olav P. Årland seier at det er urealistisk å få kommuneøkonomien i balanse dette året. Han syner til at kommunen får redusert skatteinntektene ettersom dei mange fiskarane og sjøfolka i kommunen har større skattefrådrag enn andre skatteytarar, melder .