EYSTEIN RØSSUMeystein.rossum@bt.no

Søkjarlista tel i alt 17 personar. Berre ni av dei har ønskt å få offentleggjort namnet sitt.

Rune Teisrud (50) er direktør for "Stiftelsen Sørlandet", som driv skuleskipet ved same namn. Han har tidlegare både vore avdelingsdirektør i Sjøfartsdirektoratet og sjøfartsinspektør i Kristiansand. Teisrud var også eitt av fem medlemmar i granskingskommisjonen etter "Sleipner"-forliset.

Det er elles få kjente namn på den delen av lista som er offentleg. Emil Aall Dahle (61), sjefsingeniør i Det Norske Veritas har søkt, det same har Sigmund Inge Eriksen (61) i Rådet for arbeidstilsynet på skip, og overingeniør Jan Thomassen i Sjøfartsdirektoratet.

Spørmålet er kven som skjuler seg bak dei åtte blanke felta på søkjarlista. Klassekampen skreiv for ei tid tilbake at statsråd Grete Knudsen var eit heitt namn i diskusjonen.

Odd Vidar Vollene, tidlegare avdelingsdirektør i Sjøfartsdirektoratet skal vere ein mogleg kandidat. Også direktøren for Sjøkartverket, Frode Klepsvik, og kontreadmiral Ove Sten Olsen på Haakonsvern blir nemnt i diskusjonen.Det enno ikkje klart når den nye sjefen kan vere på plass.