Nyttårsferinga gjekk ikkje utan augeskadar i år heller. 15 menneskje fekk augeskadar av fyrverkeri under årets markering, viser tal overlege Nils Bull ved Augeavdelinga på Haukeland universitetssykehus har henta inn frå heile landet.

— Det totale talet er redusert frå årsskiftet i fjor, mens talet på alvorleg skadde er to meir enn for eitt år sidan, seier han.

Sju av dei 15 er alvorleg skadde, medan dei åtte andre har «moderat alvorlege» skader.

— Ingen av dei som er skadd rapportere å ha brukt vernebriller, seier Bull.

— Kva risikerar dei som har fått alvorlege skader?

— Vi veit at eit av augo er heilt øydelagt. Så er det seks andre som heilt sikkert vil få synsreduksjon, men kor stor den blir vil tida vise. Men fleire av skadene er stygge, seier han.

Ein til Haukeland

Ein av dei skadde var frå Hordaland, og har fått behandling på Augeavdelinga på Haukeland universitetssjukehus.

— Han vart innlagt med moderate skader på begge augo. Det kjem til å gå bra med han, seier Bull.

18-åringen har sjølv fortald at han vart skadd då eit bakkefyrverkeri eksploderte.

Flest menn

Berre to av dei 15 som vart skadd er kvinner, og begge var tilskodarar til fyrverkeriet, seier Bull. Ein av dei skadde er ein gut på 12 år, som har fått alvorlege augeskadar.

Dei andre er menn mellom 18 og 40 år.

— Vi må få betra kulturen med at òg tøffe menn mellom 18 og 40 brukar vernebriller, for det er dei som treng det mest. Hadde dei i tillegg vore edru, tippar eg vi kunne halde fram med fyrverkeri som i dag, seier Bull, som i fleire år har argumentert for eit forbod.

Vil ha forbod

— Eg trur ikkje eit forbod kjem med det første, men eg vil tru at dette på sikt må regulerast, seier han.

— Bør rusa folk få handtere eksplosiv i store folkemengder? Sett på spissen slik, meiner eg dette er så alvorleg at politikarane må skjøne at dette høyres dumt ut, seier han.

Endringane i høve til i fjor er såpass små, med ein nedgang i antal og ein oppgang i alvorligheitsgrad, at Bull meiner dette skuldast tilfeldige variasjonar.

— Dessverre ligg vi på staden kvil, slik eg hadde forventa, seier han.

Færre skadde born

Det mest gledelege med årets tal, er at det er færre barn som er skadd enn tidlegare.

— I fjor var det to, og åra før var det tre-fire. Så at det ikkje er meir enn eitt barn i år er bra, og eg voner det vil seie at foreldre har blitt meir medvitne om farane, seier han.

øye.jpg