Registeret inneheld namn og hendingar helt tilbake til 1934, og blir alltid sjekka når leivningar blir funnet. Saman med opplysningar om dei sakna kan sjølv svært gamle leivningar bidra til identifisering.

Men ifølgje id-sjef Reidar Nilsen i Kripos er saknaregisteret ikkje alltid godt nok oppdatert.

– Når det blir gjort likfunn, går vi gjennom sakna frå politidistriktet der leivningane blir funne. At ikkje alle sakna blir innmeldt til oss, finn vi ut når vi gjer funn av leivningar som viser seg ikkje å stå på lista, seier Nilsen til Adresseavisen.

Av dei 1.215 personane som står oppført i registeret, er om lag 90 prosent menn. Reidar Nilsen trur årsaka er at fleire menn enn kvinner dyrkar friluftslivet.

– Menn er mest på sjøen og fiskar eller er ute i skog og mark. Går det gale der, kan det vise seg vanskeleg å finne igjen folk som har mista livet, seier Nilsen.