Berre ein gong før har så mange jobba dugnad for TV-aksjonen, og berre ein gong før har det vore for mange bøssebærarar. I går vandra 100.000 nordmenn rundt med bøssene i kampen mot hiv/aids.

— Suksessen er nesten eventyrleg. Men så er det også dette vi har satsa mest på: å få med så mange bøssebærarar som mogeleg, seier aksjonsleiar Tarje Wanvik i Kirkens Nødhjelp.

Organisasjonen veit korleis dei skal samle inn pengar. Dette er tredje gong Kirkens Nødhjelp har TV-aksjonen. Begge gonger tidlegare ga rekord. Gjennom TV-aksjonen sin 28 år lange historie, ligg Kirkens nødhjelp på ein 6. og ein 8. plass.

Korrigert til dagens kroneverdi, samla dei inn 185 og 180 millionar kroner.

Litt lågare mål

Lista ligg lågare i år. Wanvik har som mål å få inn mellom 120 og 150 millionar kroner, godt under Flyktningerådet, Kreftforeningen, Røde Kors, Redd Barna og eigne tal i nærleiken av 200 millionar. Ved 23-tida såg det ut til at målet vert nådd med god margin. 121 millionar kroner var samla inn til då.

— Det er tyngre å samle inn til utlandet enn til saker i Norge. Dessutan er hiv/aids ein tøff sak, og ikkje nødvendigvis ukontroversiell heller. Hadde Kirkens nødhjelp berre samla inn til seg sjølv, trur eg vi kunne fått meir pengar. Denne saka kan nok vere ein bremsande faktor, seier Wanvik.

Veret bremsar

Den andre bremsa på resultatet kan vere veret. Meteorologisk institutt melde i går om svært varierte gjevarforhold: litt yr i Oslo, snø heilt i nord, men sol på heile Vestlandet. (Altså er veret som vanleg, dårleg i vest, bra i aust.) – Eg vart glad når eg vakna og det duskregna i Oslo i dag, men eg vart bekymra når eg såg at det var sol langs heile vestlandskysten.

Bøssebærarane har faktisk merka at det er mykje folk som ikkje er heime i den landsdelen, seier Wanvik, og vert borte frå telefonen nokre sekund, litt over klokka 21.

Sogn og Fjordane best

— Oj, vi er oppe i 80 millionar allereie. Og det er før regjeringa har gitt. Då kan vi plusse på 25 millionar. No vart eg nesten litt oppglødd, seier Wanvik.

Kirkens Nødhjelp kan i tillegg rekne med at det sig inn pluss/minus fem prosent dei næraste dagane. Det betyr at årets tv-aksjon truleg passerer Amnesty frå 1999, men må slite for å nå SOS-barnebyer sin 11. plass frå i fjor.

Beste kommune var Svalbard, der kvar innbyggjar ga 185,30 kroner kvar. Sogn og Fjordane toppa fylkesstatistikken med 28,32 kroner per innbyggjar, knappe tre kroner over landsgjennomsnittet.

fakta/best gjennom tidene

Resultata er korrigert for prisvekst, og rekna om til kroneverdien for september i år. Alle tal i millionar kroner. 1979 Det norske Flyktningeråd: 222,5 1980 Landsforeningen mot Kreft: 215, 5 1981 Norges Røde Kors: 202,4 1997 Den Norske Kreftforening: 196,7 1982 Norsk misjonsråd: 185,5 1977 Kirkens Nødhjelp: 185,13 1990 Redd Barna: 180,5 1986 Kirkens Nødhjelp: 180,4 1987 Nasjonalforeningen for folkehelsen: 173,4 1995 Frelsesarmeen: 167,3 2000 SOS-barnebyer: 161,6 1993 Norges Røde Kors: 159,6 1998 Det norske Flyktningeråd: 152 1984 Amnesty: 150,3 1994 Norsk folkehjelp: 145,5 1988 Det norske Flyktningeråd: 137 1983 Norsk Folkehjelp: 136,9 1978 Redd Barna: 134,2 1999 Amnesty: 128,6 1991 Et nytt liv: 128 1985 Landsrådet for norske ungdomsorg: 122,9 1989 Kvinner i den 3. verden: 119,3 1992 Rådet til fremme for psykiatrisk forskning: 110,4 1974 Det norske flyktningeråd: 101,9 1996 Miljø for livet: 87,8 1976 Norges Blindeforbund: 49,3 1975 Norske kvinners sanitetsforening: 40,56