Det var i samband med domstolsreformen at Stortinget vedtok å opprette eit register over kva interesser og sidegjeremål dommarane har. Denne veka åpna det søkbare sidegjøremålsregisteret på www.domstol.no. Her kan kven som helst finne ut kva den einskilde dommaren har oppgitt av økonomiske interesser, styreverv og andre sidegjeremål.

Domstoladministrasjonen har sendt ut spørreskjema til alle landets dommarar, og det er dommarane sjølv som opplyser kva bindingar dei har.

På landsplan har 11 dommarar oppgjeve at dei er frimurarar.

Direktør for juridisk avdeling i Domstoladministrasjonen i Trondheim, Sissel Endresen, ser klart dilemmaet med dei lukka brorskapa.

— Vi har valgt full åpenheit rundt desse forholda framfor andre løysingar som eksempelvis forbod, seier Endresen. - Dette er den måten lovgjevar har avvegd dette spørsmålet på, utfrå tanken om at habilitetsproblem er lettare å takle om alle kan sjå kva eventuelle bindingar dommarane har.

— Men sjølv om alle veit at dommaren er frimurar, så vil det alltid være ei uvisse rundt spørsmålet om korvidt ein part kan vere frimurarar, og også rundt kva bindingar og lojalitetar som eventuelt ligg der?

— Ja, det kan vere eit problem dersom andre partar enn dommaren ikkje opplyser om slike forhold, seier Endresen. - Men no kan iallefall alle vite kor dommaren står. Det har vore ein diskusjon rundt desse spørsmåla, meir kan eg ikkje seie om dette.

Utfrå registereret er det ingen frimurarar blant dommarane eller dommarfullmektigane ved domstolar i Hordaland eller Sogn og Fjordane. Heller ikkje i Høgsterett sit det, ifølgje registeret, dommarar som er frimurarar.

Per i dag er nesten samtlege av landets meir enn 600 dommarar registrert. Domstoladministrasjonen reknar med at lista er komplett innan kort tid.

1. november i fjor vart det også oppretta eit eige tilsynsutval for dommarar. Utvalget kan ilegge dommeren disiplinærtiltak gjennom kritikk eller advarsel.

Utvalet består hovudsakleg av dommarar og juristar, slik at det i stor grad er tale om sjølvjustis. På dei to virkemånadene i fjor fekk utvalet inn åtte klager, men ingen av desse var avgjort ved årsskiftet.

På nettsida er det no lagt ut avgjerder i to saker, som begge dreidde seg om klager på for sein saksbehandling.

I begge tilfella fann tilsynsutvalget ingen grunn til kritikk mot den innklaga dommaren.