1905 var litt av eit år. Først vart Ingeborg Holm fødd på Hennøystranda i Bremanger 6. mars. Fem dagar seinare vart bergensaren Christian Michelsen utnemnd til statsminister.

I juni vart unionen mellom Noreg og Sverige oppløyst. Ein dansk prins erstatta svenske Oscar II på den norske trona, og tok namnet Haakon VII.

— Eg skjønnar ikkje kvar åra vart av. Inni meg er eg ikkje meir enn 20 år, sa Ingeborg Holm, då BT besøkte henne før 107-årsdagen i fjor.

I dag er ho blitt endå eit år eldre. 108-åringen frå Bremanger feira dagen på Svelgen bu- og servicesenter med kvit dame, familie og ordførarbesøk. At han hadde ordførarkjedet på seg, tykte Ingeborg var ekstra stas.

Dottera fyller 83

Året etter at ho vart fødd, døydde Henrik Ibsen. Då Ingeborg tok til i fyrste klasse, gjekk Titanic ned. To år seinare braust den første verdskrigen ut.

— Eg trur ikkje eg vart så redd, men eg tenkte jo på det, sa Ingeborg til BT i fjor.

Ho gifta seg med sin Bernt same år som kronprins Olav gifta seg med sin Märtha. Utover 1930-talet kom ungane som perler på ei snor.

No har Ingeborg vore enkje i over 50 år. Av dei fem borna er det berre Randi som lever i dag. Dottera fyller 83 år i april.

— Ein saknar veldig dei som fer, men ein må ta innover seg at ikkje alle blir gamle. Du er nøydd til å godta det, og prøve å leve vidare det beste du kan, sa Ingeborg.

Formelen

Gardsdrift og familieliv på Hennøystranda fylte Ingeborg sitt liv. Ho har aldri hatt jobb utanfor garden, aldri vore utanlands. Ho har knapt smakt alkohol, mens skal ha inhalert ein gong for 100 år sidan.

— Vi stal oss til det, hugsar eg, då vi vaks opp.

På spørsmål om korleis ho er blitt så gammal, svarte Ingeborg kontant:

— Hardt arbeid og mykje fisk!

Resiterte dikt

Ingeborg har 24 barnebarn, 26 oldebarn og to tippoldebarn. Den store feiringa av 108-årsdagen med familien er på laurdag. Dit skal Gunvor Hansen, niesa til Ingeborg Holm, som også var i bursdagsselskap i dag.

— Ingeborg las fleire dikt for oss, blant anna «To må man være» og «Nu lukker solen sitt øye». Ho er ei fabelaktig dame, seier Hansen.

Også då BT var på besøk i fjor, las Ingeborg mange og lange dikt utanåt.

Jeg vet at i mitt ansikt

har årene satt spor

Et hjørne av mitt hjerte

er ennå 20 år

las Ingeborg, som har overlevd to verdskrigar og tre monarkar. Ho er like blid. Sjølv har Ingeborg forklart at ho er lik far sin, Jesper, som dreiv sildoljefabrikk. Han var optimist.

— Seinast i går sa Ingeborg til meg. "Det er klart vi må vere i godt humør. Det er ingen grunn til å rundt og vere sur og lei, for det går ikkje utover andre enn oss sjølve", fortel niesa Gunvor Hansen.

Ifølgje Firda er Ingeborg Holm den nest eldste personen i Noreg. I Oslo lever ei kvinne som er 69 dagar eldre enn henne.

Men japanske Misao Okawa slår begge med sju år. 115-åringen, som fylte år måndag, markerte dagen på ein sjukeheim i Osaka med sushi og kake.

FEIRA MED SUSHI: Misao Okawa feira 115-årsdagen sin 5 mars. Japanaren er verdas eldste kvinne.
SCANPIX