I dei siste dagane har så vel ein del tillitsvalde som mediekommentarar, teke til orde for at tida for leiarskifte er inne. Petersen ville ikkje opplyse om når han bestemte seg.

På pressekonferansen i går gjorde Petersen det klart at den som nå skal overta som leiar, må ha horisont fram mot stortingsvalet i 2009.

— Den leiaren som skal leie Høgre fram til ein ny valsiger, må ha heile neste stortingsperiode som perspektiv, kunngjorde Petersen. Han la også til at «det tek tid å etablere seg. Difor bør ein ny leiar ha eit langt perspektiv.».

Vanskeleg å kombinere

Petersen vedgjekk at det har vore krevjande å skulle kombinere jobben som utanriksminister, med stort reisefråvær, med oppgåva som partileiar. Og han løynde ikkje at det er blitt mindre reising og vitjing til partilaga, enn det burde ha vore.

— Når du er mykje på reise i utlandet, kjem du litt «på hæla» i den heimlege politiske debatten. Den nye Høgre-leiaren må reise mykje, kunngjorde Petersen i går.

Han seier nå at det har vore ein stor fordel å få samla verva, som partileiar og parlamentarisk leiar. Men samstundes avviser han ikkje at det kan vere andre kandidatar til partileiarvervet enn dei som sit på Stortinget i dag.

Visst lenge

Siri Frost Sterri, som leier valnemnda i Høgre, opplyser til Bergens Tidende at ho i lang tid har visst at Petersen ville trekkje seg.

— Eg vil ikkje seie eksakt når eg vart orientert, men eg har visst det i ganske lang tid.

Resten av valnemnda vart først orientert i går, samstundes med at Petersen orienterte pressa. Han hadde eigentleg frist til neste måndag, og har sjølv hatt heile regien på når han ville gå ut offentleg med avgjerda, ifølgje Sterri.

Sterri seier at ho er veldig open når det gjeld kven som bør bli ny partileiar. Og ho strekar sterkt under at medlemene av valnemnda skal gjere ein jobb for heile partiet og ikkje skal opptre som representantar for dei fylkeslaga dei høyrer til.

Mange kandidatar

Det er særleg tre kandidatar som hittil har vore lansert. Det er Erna Solberg, Per-Kristian Foss og Børge Brende som alle er medlemer av Regjeringa. Men i går kveld kunngjorde Foss på Dagsrevyen i NRK at han ikkje er kandidat.

I tillegg til desse, nemner Sterri Kristin Krohn Devold, Kristin Clemet og Ansgar Gabrielsen - alle medlemer av Regjeringa. Vidare nemner ho: Oddvard Nilsen, Jan Tore Sanner og Trond Helleland.

Ho opplyser at spørsmålet om kven som bør bli ny leiar blir heilt sentralt når valnemnda møtest tysdag 10. februar. Fleire fylkesparti hadde starta å arbeide med kandidatnamn også ut frå føresetnaden om at Petersen ikkje tok attval.