JAN STEDJEjan.stedje@bt.no

-Det er ingen tvil om at det er vinterstengd veg som er det beste alternativet for miljøet, skriv Sandman.— Like klårt syner rapporten (som Hordaland fylke har bestilt, red.anm.) at det er bygging av Hardangerbru som vil få dei største negative verknadene for Hardangervidda, skriv Sandman vidare.

Det er i innstillinga til fylkesutvalsmøtet i Buskerud 7. februar den tidlegare Ap-statsråden kjem med desse krystallklare konklusjonane. Same dagen skal også Hordaland fylkesutval seia sitt om framtidig vinterbrøyting av riksveg 7.Vinterstengd i framtida Bakgrunnen er at Stortinget skal ta stilling til om rv 7 over Vidda skal stengast om vinteren. Då vil all vintertrafikk aust/vest gå via Lærdalstunnelen og Filefjell/Hemsedal, eller via Haukeli.

Og Sandman har meir på hjarta i denne sterkt omstridde riksveg 7-saka. Han skriv: - Fylkesrådmannen vil reise kritikk mot at den formelle oversendinga av miljørapporten (om Hardangervidda red.anm.) ikkje var Buskerud fylkeskommune i hende før ein månad etter at rapporten var ferdig, medan den var tilgjengeleg for Hordaland fylkeskommune på eit langt tidlegarte tidspunkt.Endå meir kritikk

Som omtalt i ein tidlegare reportasje i BT har også miljøverndepartementet ved fagorganet Direktoratet for naturforvaltning (DN) kome med kritikk av denne rapporten. DN skriv i eit brev til Hordaland fylkeskommune 17. januar at direktoratet er misbrukt i rapporten.Den 7. februar får fylkesutvalet i Hordaland høve til å drøfte både Vidda-rapporten og kritikken frå fylkesrådmann Sandman og DN.