Landbruksminister Lars Sponheim (V) seier til BT at det slett ikkje er tilfeldig at Landbruksdepartementet er best av departementa når det gjeld ajourførd elektronisk postjournal. Han meiner tilgangen til postjournalane og kor lett eller vanskeleg det er å få innsyn, handlar om organisering av journalføringa og er eit spørsmål om kultur — kva haldning ein har til innsyn.

— Det er viktig at forvaltninga får beskjed om at dette er viktig.

Sponheim opplyser at han får månadsvise oversyn over alle dokument der det er gjeve avslag på krav om innsyn.

— Det hender at avslag på innsynskrav blir omgjort. Men det er langt sjeldnare i dag enn då eg kom hit. Det er sett ein standard for kvar vi skal legge oss. Då er det enklare å gje innsyn, og det blir færre avslag, seier han.

Departementsråd Jan Solberg i Næringsdepartementet likte svært dårleg at hans departement kom dårleg ut i undersøkinga.

— Vi har gjort og gjer mykje for å vere heilt ajour. Difor undrar det oss at vi kom så dårleg ut, seier Solberg.

Ein ny sjekk av den elektroniske postjournalen som Bergens Tidende har gjort, viser at Næringsdepartementet nå er heilt ajour.