• Strengt juridisk mangla Næringsdepartementet fullmakt til å selje SND Invest. Det seier jussprofessor Eivind Smith til Bergens Tidende.

Smith viser til stortingsbehandlinga av framlegget om å selje SND Invest i 2001.

To vedtak

— Seint på kvelden 6. desember 2001 gjorde Stortinget i plenum to vedtak i denne saka. Det første vedtaket gav departementet fullmakt til å setje i verk ein prosess for sal av SND Invest. Men mindre enn to minutt seinare vedtok Stortinget at salsprosessen ikkje kunne setjast i gang før Stortinget hadde fått presentert og behandla ei eiga eigarmelding. Desse vedtaka står i ein viss motstrid, og i ein slik situasjon er det det siste vedtaket som gjeld, seier Smith.

— Det som skjedde i Stortinget denne seine kveldstimen, er døme på stortingsvedtak kan gå litt over stokk og stein. Dette er det grunn til å sei seg lei for. Men når det blir truffe to vedtak i same sak som ikkje heng saman, må departementet ha ei plikt til å klargjere situasjonen og premissane, før ein går vidare, seier Smith.

Ubetinga ansvar

Smith viser til at plenarvedtak ikkje blir systematisk publisert. Det gjer at det blir lite fokus og problematisering omkring vedtak som kanskje ikkje heng saman.

— Meiner du departementet kan seiast å ha vore i god tru når ein handla ut frå det første vedtaket og såg bort frå det andre?

— Ein kan ikkje sjå bort frå at departementet har vore i god tru. Men departementet har eit ubetinga ansvar for å vurdere og klargjere ein situasjon som då burde ha framstått som uklar.

Smith legg til at heller ikkje opposisjonen har mykje å skryte av i denne saka ettersom det verkar som om opposisjonen har gjort lite eller ingenting for å fylgje opp det andre fleirtalsvedtaket.

- Ikkje fullmakt

— Eg noterer meg at både professor Smith og andre meiner at departementet ikkje har hatt fullmakt til å selje og at stortingsbehandlinga har gått over stokk og stein, seier stortingsrepresentant Kjell Engebretsen (A). Han er saksordførar for denne saka i Kontrollkomiteen på Stortinget.

Engebretsen meiner at dersom ein tek for seg innlegga i stortingsdebatten tidlegare på dagen, før vedtaka vart gjort 6. desember 2001, vil det vere rimeleg klart at Stortinget ikkje gav Næringsdepartementet fullmakt til å selje SND Invest på den måten departementet handterte saka.

— Etter mitt beste skjøn har Gabrielsen ikkje hatt fullmakt til å selje. Så vil Gabrielsen hevde at ein framlegg i juni 2003 om å stanse salet ikkje vart vedteke og at han difor hadde fullmakt til å selje. Men det er etter mitt skjøn ei feilaktig tolking og framstilling. Då var prosessen alt i gang og det blir ein annan situasjon. Så dersom det ikkje kjem fram andre forhold og opplysningar som eg nå ikkje har oversikt over, var det ikkje fullmakt til å selje, seier Engebretsen.

- Gjorde «alt» gale

— Dette er ei svært alvorleg sak. Statsråd Ansgar Gabrielsen har heilt klart handla svært uklokt og kritikkverdig. Det meste av det han har gjort i denne saka har vore gale, seier Frp-formann og parlamentarisk leiar, Carl I. Hagen.

Engebretsen seier at komiteen vil gå inn på det som skjedde heilt på slutten av salsprosessen. Han meiner det som kom fram under høyringa onsdag, klart tyder på «ureint trav». Engebretsen skal ha klar eit første utkast til komiteinnstilling tysdag 8. juni. Komiteen skal avgje innstilling 15. juni.