• Haukelibana er det einaste visjonære i norsk samferdsle for tida, seier SVs Kyrre Stensnes. - Eg gled meg til å ta toget frå Jondal stasjon, seier Sigrid Brattabø Handegard, Sp.

— Eg var skeptisk før, men no tykkjer eg Haukelibana verkar mykje meir realistisk, seier Magnhild Furdal, KrF.

Skepsisen låg tjukk over komiteen for miljø og samferdsle då Jörg Westermann la fram planane sine for lyntog mellom Oslo og Bergen (pluss Haugesund og Stavanger) i går. Men nokre såg lyset i dei lange tunnelane. Særleg dei som får høyra togsusen om bana ein gong vert bygt, slik som Sigrid Brattabø Handegard frå Jondal.

Fly på bakken

Og venstresida er naturleg for Haukelibana, fordi dei gjerne ser at flya mellom Oslo og Bergen vert sette på bakken.

At Torunn Ringheim, H, frå Voss smiler overbærande, er ikkje unaturleg, sjølv om Westermann forklarde at Haukelibana faktisk kan tilføra Vossabana meir trafikk.

— Dei som skal frå Voss til Haugesund og Stavanger vil ta tog til Bergen og tog derfrå direkte vidare, i staden for at dei køyrer bil til Flesland og tek fly.

— Men kva med passasjergrunnlaget då, og brua over Hardangerfjorden, spurde Arne Jakobsen., som meinte at det knapt var verdt å spandera tid på Jörg Westermann.

Jau, Haukelibana vil støvsuga både fly, bussar og privatbilar for folk, men ikkje Bergensbana, la han trøystande til.

— For Bergensbana er ingen konkurrent. Dei aller fleste som reiser med Bergensbana skal til stasjonar undervegs.

Overskot

— Og Haukelibana vil gå med dundrande overskot. Det trengst ikkje ei einaste statleg krone til bygginga. Lån vil finansiera alt saman, og tildeling av byggjeoppdrag kan inngå som ein del av risikoen, seier Westermann.

Han er ikkje glad for TØI-rapporten om Haukelibana, som konkluderte med at bana ville verta mykje dyrare enn planlagt og få langt færre passasjerar.

— Rapporten er full av feil og manglar.

Derimot gled Jörg Westermann seg over at Ap- og Høgrefraksjonen i Stortingets samferdslekomité vil snakka nærare med det tyske analyseselskapet som for eit par år sidan gjekk god for Westermann sitt talgrunnlag for Haukelibana.