• Statsminister Kjell Magne Bondevik seier at han framleis har overvekt av argument mot norsk EU-medlemskap. Han er i tenkeboksen, og eg vonar han kjem ut som ja-mann.

Dette seier miljøvernminister og nestleiar i Kristeleg Folkeparti, Knut Arild Hareide, til Bergens Tidende. Miljøvernministeren meiner på si side at miljøvernomsyn er eit godt argument not norsk EU-medlemskap.

Hareide røysta ja ved folkerøystinga i 1994. Men han seier til BT at hans medvitne val først skjedde i 2002, etter utvidinga av EU.

Byråkrati og miljø

Hareide gjev uttrykk for at han ikkje er nokon glødande EU-tilhengar. Han ser sterke motargument:

— Ikkje minst byråkratiet. Også omsynet til miljøet er eit viktig argument for å stå utanfor. Det betyr mykje både for Noreg og for EU. Statsråd Hilde Frafjord Johnson og eg snakkar mykje om dette. Når vi står utanfor, kan vi gå lenger enn EU og vere pådrivar i miljøspørsmål. Mange EU-land er også glade for at vi kan ha den rolla. Noreg kan vere ei tydeleg røyst.

Men når det gjeld klimapolitikken er det ikkje EU men USA som er bremseklossen og utfordringa, seier Hareide.

Hareide meiner EU har endra karakter etter den siste utvidinga då dei fattige austeuropeiske landa kom inn. Han meiner at EU ikkje lenger framstår som ein rikmannsklubb.

Klart nei-parti

— KrF kjem til å halde fram som nei-parti. Det kan vi konkludere alt nå, før landsmøtet. Det har vore ein god og ryddig prosess, men konklusjonen er klar. Då saka var oppe i landsstyret, røysta to av 30 for EU-medlemskap. Den eine av dei to, var meg.

— Eg har litt problem med dei som er 100 prosent for eller 100 prosent mot.

— Partileiar Dagfinn Høybråten har vore sterk og klar?

— Ja, det har han vore. Han har sagt kva han meinte og ynskte av KrF. Han har vore veldig ryddig og open. Han har vunne og eg har tapt. Det er heilt greitt, etter at det har vore ein god prosess med eit utval, leia av Einar Steensnæs, som gjorde ein grundig jobb. Eg har eit relativt pragmatisk syn på dette: Eg er EU-tilhengar - eg står ope fram som det, men eg vil respektere og røyste som partiet ønskjer, seier Hareide.

På nei-sida

Hareide seier at Steensnæs, som for tida fungerer som parlamentarisk leiar i partiet, har «eit balansert nei-standpunkt».

Hareide slår fast at av KrF-statsrådane er, utanom partileiar Dagfinn Høybråten, Hilde Frafjord Johnson og Valgerd Svarstad Haugland, klare nei-folk. Bondevik sjølv er som nemnt «i tenkjeboksen» men har markert at overvekta av argument, framleis er på nei-sida.

Hareide meiner andre parti, ikkje minst Ap, har noko å lære av korleis KrF har handtert EU-saka.

— Vi skal vere eit nei-parti, men eit parti som er nyansar og utfordringar, seier Hareide.