VIDAR YSTAD

Oslo

— Eg har aldri tidlegare opplevd at ein statsråd som møter eit mistillitsframlegg, ikkje er til stades i Stortinget når det blir votert over framlegget.

Det seier Ap-veteranen Ranveig Frøiland til Bergens Tidende. Ho leia stortingsutvalet som vurderte Stortinget sin kontroll med og reaksjonsfomer overfor Regjeringa.

- Ringeakt

  • Arbeidarpartiet gjekk imot mistillitsframlegget, men eg meiner det er prinsipielt viktig at ein statsråd møter når eit slikt framlegg kjem til votering. Dette handlar om respekten for Stortinget, seier Frøiland.

— Eg kan ikkje hugse at eg opplevde noko slikt i mine mange år på Stortinget. Eg oppfattar dette som ringeakt for Stortinget. Eg trudde ikkje slikt gjekk an. Dette er også uttrykk for neglisjering av det partiet (Frp) som sto fadder for Regjeringa.

Denne salven kjem frå Sp-veteranen, Johan J. Jakobsen. Han møtte fast på Stortinget frå 1973 til 2001.

- Mitt ansvar

Forsvarsminister Kristin Krohn Devold vil ikkje kommentere saka overfor Bergens Tidende. Ho viser til den parlamentariske leiaren i Høgre, Oddvard Nilsen.

— Det er mitt ansvar at statsråden ikkje var til stades, seier Oddvard Nilsen, til Bergens Tidende.

Han opplyser at statsråd Krohn Devold hadde teke opp med han spørsmålet om ho måtte vere til stades under voteringa.

— Eg undersøkte med administrasjonen i Stortinget om det er reglar som pålegg statsråden å vere til stades under ei slik votering. Eg fekk klarlagt at det er det ikkje. I tillegg klarerte eg med Arbeidarpartiet, som det største opposisjonspartiet om dei meinte det var behov for at statsråden var til stades. Eg fekk til svar at det var det ikkje, seier Nilsen.

- Ville vore der

Stortingspresident Jørgen Kosmo, som leia stortingsmøtet under behandlinga av mistillitsframlegget, gjev denne kommentaren til Bergens Tidende:

-Statsråden avgjer sjølv om han eller ho skal vere til stades i ein slik situasjon. Hadde eg vore statsråd, ville eg ha vore til stades.

Sigbjørn Johnsen, i dag fylkesmann i Hedmark, opplevde i si tid som statsråd heile fem mistillitsframlegg, og overlevde alle. Til Bergens Tidende seier han:

— Eg var sjølvsagt alltid til stades under behandling og votering over kvart av desse mistillitsframlegga. Det var aldri noko tema og eg skulle vere til stades eller ikkje. Det har med respekten for Stortinget å gjere, når Stortinget behandlar og avgjer lagnaden til ein statsråd. Om eit mistillitsframlegg ville få ei røyst eller mange, spela slik sett inga rolle.

bt.no hadde tidlegare i dag ei ufullstendig versjon av denne saken ute på nettet. Dette er den rette versjonen.