Det er grunnlaget for at kjæremålsutvalet i Borgarting lagmannsrett fengsla mannen som Oslo tingrett ville setje fri.

Mannen er nå fengsla i fire veker. Like lenge må også dei tre andre sitje. Lagmannsretten gav nemleg også politiet medhald i at den mannen som tingretten ville fengsle i to veker, blir sitjande i fire veker.

— Samd med oss

Dermed har politiet fått «full pott».

— Vi tek avgjerda til etterretning. Vi konstaterer at lagmannsretten er samd med politiet i vurderingane av fengslingsgrunnlaget, seier pressetalsmann Martin Bernsen i PST, til Bergens Tidende.

Ein av forsvararane freista tysdag kveld å bagatellisere avgjerda frå lagmannsretten ved å framheve at fengslingsgrunnlaget «berre» var at klienten hadde søkt å skaffe den utpeika hovudmannen alibi.

Men lagmannsretten si framstilling er meir direkte enn som så. I avgjerda heiter det:

- Vel planlagt

«Anslaget mot synagogen fremstår som vel planlagt. Det var skaffet våpen og en fluktbil med sjåfør. Alibiet fremstår som en viktig del av den totale planen. Siktede og Bhatti hadde anledning til å planlegge dette i løpet av den tid de var sammen ettermiddagen før. Etter omstendighetene fremstår det som lite sannsynlig at siktede ikke fikk kunnskap om Bhattis behov for alibiet.»

Retten slår fast at det den natta attentatet mot synagogen skjedde, vart sendt tre tekstmeldingar frå ein mobiltelefon som tilhøyrde Bhatti. Meldingane vart sendt til tre ulike kvinner som Bhatti kjenner. Dessutan nytta den sikta den same telefonen til å ringe til ein person med namnet Kemal. I denne samtalen, som blir avlytta av politiet, opplyser han at han er åleine i Torshovparken men at han ventar på at nokon skal kome.

Både tingretten og lagmannsretten meiner det er skjellig grunn til å mistenke at den sikta har forsøkt å skaffe Bhatti alibi for tida rundt klokka 0230 natt til søndag 17. september, då skota mot synagogen vart avfyrt.

«Dette må objektivt sett anses som medvirkning til den forbrytelse alibiet var ment å skulle tjene» seier lagmannsretten.

Mykje gjenstår

I avgjerda frå lagmannsretten heiter det vidare:

«Lagmannsretten finner etter dette at det er en overvekt av sannsynlighet for at siktede har utvist forsett med hensyn til at han medvirket til et attentat mot synagogen i Bergstien. Det er dermed skjellig grunn til å mistenke ham for medvirkning til grovt skadeverk.»

Lagmannsretten slår fast at det her er snakk om eit omfattande sakskompleks der etterforskinga framleis er i ein innleiande fase. Retten påpeikar at det mellom anna gjenstår ytterlegare gjennomgang og analysar av trafikkdata frå mobiltelefonen til den sikta.

Martin Bernsen i PST seier at etterforskinga pågår for fullt og i nært samarbeid med Oslo politidistrikt. Han vil ikkje seie noko om når etterforskinga kan vere avslutta.

Det er nå politiadvokat Thomas Blom i PST som leier etterforskinga.

Åserud, Lise