• Dette opplegget handlar om å tillate bruk av «svart propaganda». Det er noko nytt for det norske forsvaret. Her det ei uhyre vanskeleg grensedraging. Alle avgjerder og all styring må skje politisk - og berre der.

Dette seier den velkjende og høgt respekterte offiseren Gullow Gjeseth til Bergens Tidende. Den pensjonerte generalmajoren som har ein omfattande og brei militær karriere bak seg, manar til varsemd overfor opplegg til bruk av militære informasjonsoperasjonar.

Slike verkemidlar opnar for bruk av feilinformasjon og løgn for å rettferdiggjere eigne handlingar.

— Svært sensitivt

— Kor problematisk dette kan bli, ser ein nå av forholda både i Storbritannia og USA der politikarane blir stilt til ansvar for kva dei sa i samband med krigen i Irak, seier Gjeseth.

Kor sensitivt eit slikt apparat kan vere illustrerer Gjeseth på denne måten:

— Amerikanarane har i fleire år hatt ei eiga avdeling med ansvar for slike operasjonar. Den avdelinga er stasjonert i Florida, utstyrt med Herkules-fly som har fullt sendeutstyr for radio og fjernsyn som kan sende propaganda. Kongressen vedtok for fleire år sidan at denne avdelinga ikkje fekk trene over amerikansk landområde og heller ikkje slik at sendingane kunne takast imot i USA. Dei måtte langt ut over havet for å trene. Dei var verksame også i Irak der dei mellom anna sleppte flygeblad.

- På politisk nivå

— Desse avgjerdene som kan få så store politiske konsekvensar, som det ein nå ser i England og USA, må ligge på politiske nivå - og ingen andre stader, seier Gjeseth.

— Kvar grensene går for kva som er legitimt og akseptabelt i forhold til å servere usanningar eller løgner overfor eige folk, er ikkje så enkelt å seie. Det er verdt å legge merke til at det i det nye forsvarsmotatet er understreka i nær sagt annankvar setning at det her skal vere politisk kontroll. Det illustrerer nettopp poenget med at dette er problematisk, seier Gjeseth.

Han legg til at ein må kunne akseptere meir i ein situasjon der det står om lagnaden til landet - slik situasjonen var 9. april 1940. Heilt annleis vil det vere i eit tilfelle som det ein har i Afghanistan.

Nato pressa på

Gjeseth opplyser at ein i Noreg ikkje har hatt noko program eller planar for bruk av militære informasjonsoperasjonar.

— Men Nato hadde, og dei spurde oss stadig om kvifor vi ikkje hadde slike program.

— Her i landet hadde vi Regjeringa si presseteneste i krig, som skulle vurdere og informere om kva og korleis ein skulle informere. Dessutan hadde vi den militære informasjonstenesta som skulle opprette pressetenester etter behov.

Reagerer sterkt

Tidlegare stortingsrepresentant Stein Ørnhøi (SV) er rysta over innhaldet i det materialet som nå er blitt kjent. Han var i si tid medlem av forsvarskommisjonen, og han har vore med i Stortinget sitt kontrollutval for dei hemmelege tenstene sidan starten i 1996. Til Bergens Tidende seier han:

— Dersom Stortinget skulle gje si godkjenning til eit slikt opplegg, vil det innebere at Regjeringa får fullmakt til å operere i kontroversielle internasjonale situasjonar, som det vi har hatt nyleg, utan å måtte stå til ansvar. Det er meiningslaust.

Avviser

Politisk rådgjevar Bård Glad Pedersen avviser kategorisk at det kan bli aktuelt å villeie det norske folket i ein krisesituasjon som lekk i at forsvaret vil ta i bruk «informasjonsoperasjonar».

— Det har ikkje vore aktuelt å villeie det norske folket, og det vil det heller ikkje bli, seier han.

Han vil ikkje svare på om Forsvarsdepartementet på noko punkt i det materialet som nå er presentert, har avvikande oppfatningar i høve til forsvarssjefen. Han legg til at departementet og regjeringa sitt syn først vil bli klart når departementet til våren legg fram ei stortingsmelding om saka.