To rettssaker ventar Osterøy-mannen. Knut Brakvatne ønskjer å møta i ei straffesak for å rista av seg skuldingane bak påtaleunnlatinga frå Statsadvokatene i Rogaland. Brakvatne førte kranen då trøndaren Rune Grønningen (31) fekk deler av hivet over seg og omkom på Norsk Hydro si Oseberg Øst-plattform.

Brakvatne vil òg gå til arbeidsrettssak mot Prosafe Drilling, som har degradert han frå kranførarstillinga etter dødsulukka julafta i fjor. I sommar vart han sagt opp.

— Eg nekta å dra ut som boredekksarbeidar, som dei beordra meg til etter å ha degradert meg frå kranførarstillinga, seier Brakvatne om bakgrunnen for søksmålet. Han meiner oppseiinga er usakleg.

- Lågast nede

Han meiner det er betenkjeleg i seg sjølv at det berre er han som er nevnt med namn i påtalevedtaket.

— Det er meg lågast nede dei vil ta, medan det er mange ansvarlege folk i begge selskapa som ikkje er identifiserte, seier Knut Brakvatne etter at Statsadvokatene i Rogaland har innstilt på eit førelegg til Hydro på 15 millionar kroner og til Prosafe på 750.000 kroner.

— Eg vil forfølgja denne saka heilt ut. For dette er eit åtak ikkje berre på meg, men på alle i Nordsjøen. Eg ser fram til å møta i retten for å reinvaska meg, seier Brakvatne, uorganisert nordsjøarbeidar med 20 års offshoreerfaring.

— Tilstandane på Oseberg Øst var ikkje i tråd med vanleg norsk arbeidsstandard. Det er arbeidsgjevaren sitt ansvar å ha ein oversiktleg arbeidsplass som gjer det råd å arbeida trygt. Der ute var det uhaldbare forhold, der dei som hadde noko med det ikkje brydde seg, trass påpeikingar frå oss, seier 48-åringen, som ikkje har vore offshore sidan ulukkesdagen.

- Hydro står bak

— Prosafe har gått til krig mot meg sidan januar, og eg føler at Hydro står bak og pressar. Ei rettssak blir som David mot Goliat. Eg har ingen organisasjon å støtta meg til, eg stolar ikkje på dei heller. Men desse skuldingane og stemplingane kan eg ikkje ha hengjande på meg, seier Knut Brakvatne.

— Det har vore eit helvete for meg etter ulukka. Men eg har visst at eg var uskuldig, det har halde meg oppe. Og så var Oljedirektoratet sin rapport ei god vitamininnsprøyting.

Brakvatne tok like etter ulukka kontakt med Lisbeth Olgadatter Wathne, mor til 31-åringen som omkom. Ho har sagt at ho ikkje vil klandra kranføraren, men mangelen på tryggleikskultur blant selskapa i Nordsjøen.

TO RETTSSAKER: Knut Brakvatne (48) frå Valestrandsfossen vil rista av seg stempelet som syndebukk gjennom ei strafferettssak, og går samtidig til arbeidsretten for å få jobben som kranførar tilbake. ARKIVFOTO: ROAR CHRISTIANSEN