• Eg vil ikkje drite meg ut berre for å kome i rampelyset, svarar Heidi Grande Røys kontant når vi nemner at ho er den mest anonyme statsråden i regjeringa.

Som fornyings— og administrasjonsminister lever 39-åringen frå Florø eit tilsynelatande stillferdig og tilbaketrukke liv i regjeringskvartalet. I motsetnad til dei andre SV-arane i Stoltenberg-familien har ho gått klar stygge feilskjer og heller ikkje vore direkte uheldig med snakketyet dette halvanna året som statsråd.

Men har ho fått gjort noko?

— Javisst, og eg har mange ting på gang som vil gripe sterkt inn i kvardagen hos alle innbyggjarane. Men eg sa då eg starta i departementet at eg er ikkje oppteken av å skaffe meg ein bauta. Med NAV-reforma, pensjonsreforma og regionreforma ville det vere nær sagt uansvarleg å setje i gang ei fjerde stor reform, seier Grande Røys.

— Korleis vil du likevel forklare at du er blitt så anonym, samanlikna med dei andre statsrådane?

— Eg jobbar med mine saker. Det er dei mange små stega som gir resultat. Eg vil ikkje drite meg ut berre for å kome i rampelyset, legg ho til.

Forsøk med seniorar

Heidi Grande Røys hadde fire år bak seg på Stortinget då ho tok sete i den raud-grøne regjeringa hausten 2005. Før den tid var ho dessutan rådgjevar for SV-gruppa. Blant mange på venstresida var det stilt store voner til at visjonen om sekstimars arbeidsdag skulle bli realisert.

— Vi brukte fjoråret til å skaffe oss kunnskap om tilsvarande ordningar i Norden og Europa elles. I første omgang vil vi setje i gang ei forsøksordning for å få seniorar i staten til å stå lenger i arbeid. Mange av dei pensjonerer seg for tidleg. Derfor vil vi i vår starte forsøk med to hundre arbeidstakarar, fortel ho.

Frå byråkrati til omsorg

Statsråden snakkar fort, og ho snakkar seg varm om fornying og omstilling i statlege etatar. Det skjer mykje, forsikrar ho, ikkje minste som følgje av den digitale utviklinga med internett som reiskap for innbyggjarar og tilsette.

— Hugs at eg er også IT-minister! bryt ho ut med eit breitt smil.

Ut frå eit demokratiomsyn er det viktig at innbyggjarane får mest mogleg elektronisk innsyn i det staten driv med. Gjennom portalen «Min side», som ho har sett i gang, er det opna ein ny kvardag for folk flest.

På direkte spørsmål om kva ho er mest nøgd med å ha fått gjort, svarar ho utan å blunke at stortingsmeldinga om IKT rett før jul i fjor er «det desidert viktigaste» arbeidet til no.

Fornyingsministeren nemner og at stadig større overgang til data og nettenester endrar kvardag og gjeremål til dei offentleg tilsette - til fordel for det store publikum. Mykje kontorpersonale, ikkje minst i NAV og skatteetaten blir «frigjort» til å ta seg av publikum direkte.

— Eller for å seie det på ein annan måte: vi «flyttar» folk frå byråkrati til omsorg, seier ho vidare.

Skjemaveldet

— Eg var forresten forundra over at det ikkje var sett i gang meir utgreiingsarbeid på dette feltet av den førre regjeringa.

Det same gjeld med tanke på samordning av skjemaveldet. Her kan mykje gjerast. I dag opplever vi at etatane ikkje er godt nok koordinerte. Mange menneske må fylle ut dei same skjema gong etter gong. Vi er i ferd med å greie ut dette med tanke på forenkling.

— Det er ikkje mykje politikk i det du her ramsar opp?

— Jau, massevis! Hadde Høgre ønskt å gjere noko, ville dei ha prioritert dette. Men ingenting vart gjort.

— Du snakkar mykje om alt det som skal utgreiast?

— Skal ein få gjort noko, må ein ikkje berre bestemme og vedta, men først greie ut. Eg held på med mange spennande ting som eg ikkje har nemnt.

— No har du sjansen.

— Nei, det er for tidleg, seier ho løyndomsfullt.

- Idiotisk å diktere

— I Soria Moria-dokumentet står det at regjeringa vil utvide opningstidene i statlege kontor. Kvifor er ingenting skjedd?

— Debatten om opningstider er gårsdagens debatt. Det viktigaste er at folk får hjelp, eller finn fram sjølve på nettet. Derfor har det skjedd meir enn du trur. Men det viser seg at behovet for å ha lenger ope ikkje er så stort, etter det Forbrukerrådet sjølv oppgir. Det gjeld m.a. i skatteetaten.

Når det gjeld NAV-kontora er det opp til kommunane sjølve å avgjere kva tid det skal vera ope. Det ville vera idiotisk av meg som statsråd å diktere at alle NAV-kontora t.d. skal ha laurdagsope. Det kan vere andre behov i Solund enn på Grünerløkka, meiner ho.

Fornyings- og administrasjonsministeren er og sjef for fylkesmennene. Senterpartiet vil kvitte seg med desse snorklypparane. Men Grande Røys er heilt usamd og grunngir det slik:

— Vi styrer med bakgrunn i Soria Moria-erklæringa, og ikkje Senterpartiets program. Omsynet til rettstryggleik, tilsyn og kontroll gjer at vi treng dei og i framtida, men oppgåvene deira kan bli forandra. Det er viktig å ha dei for å føre tilsyn med at vedtak i Stortinget og regjeringa vert fylgt opp utover i landet.

Bjelland, Håvard