Samferdselsdepartementet har hatt nok tid til å få fram kostnadsanalysar for Hardangerbrua og ekstern kontroll av dei. Det er uforståeleg at ikkje departementet for lengst har fått dette på plass. Ved å venta er det skapt uvisse og situasjonen tærer også på tiltrua til departementet sin vilje til å få fram saka i denne Stortingssesjonen, slik Stortinget har bede om, seier fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg.

Samferdselsdepartementet må syta for å få Hardangerbrusaka klar i løpet av mai, slik at Stortinget får behandla ho før ferien, seier fylkesordførar Selsvold Nyborg.

Stortinget har bede om at Hardangerbrua skal handsamst i denne Stortingsperioden. Dette har vore retningsgjevande for prosjektarbeidet til Hordaland fylkeskommune og våre partnarar, seier fylkesordføraren.

Fylkesordføraren peikar på at prosjektet er finansiert med beskjeden statleg medverknad og svært stor lokal innsats. Hordaland fylkeskommune er klar til å kjøpa renteopsjon for å sikra prosjektet låge rentekostnader og dermed tilsvarande redusert behov for delfinansiering med riksvegmidlar.

Ei utsetjing fordi Stortinget ikkje får handsama saka før ferien, gjer at fylkeskommunen må venta med kjøp av renteopsjon. Med den uvissa ein ser teikn til i rentemarknaden, kan ei utsetjing føra til at renta går opp før opsjonsavtale kan teiknast. Ei utsetjing vil dermed kunna påføra prosjektet ekstra kostnader.

Departementet må få saka ferdig utgreidd og til Stortinget før 1. juni. Hordaland fylkeskommune er klar til å stilla opp og få fram eventuell tilleggsinformasjon i fall Samferdselsdepartementet har trong for og ynskje om det, seier fylkesordføraren.

Kontaktperson: Fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg — mob. 915 22 733

Helsing Stanley Hauge Informasjonssjef