Keating har i dag innleia på ein stor Afghanistan-konferanse i Oslo i dag. I morgon blir toppdiplomaten frå FN-systemet sentral på møtet der eit 20-tals nasjonar — blant anna alle nabolanda i regionen og USA - skal drøfte korleis dei kan få på plass eit formalisert samarbeid.

Målet er å skape grunnlag for ei fredeleg framtid for Afghanistan og nabolanda.

Ei av tre hovudoppgåver

Keating, som er nestleiar for UNAMA, FNs kontor i Afghanistan, la i innlegget sitt vekt på at dette arbeidet er heilt sentralt.

— Noreg har ei ekstraordinær rolle som freds-supermakt, sa Keating, og nemnde både arbeidet for å skape utvikling i Afghanistan, den norske støtta til FNs arbeid og arbeidet norske humanitære organisasjonar gjer i landet.

Arbeidet for å få nabolanda til å dra i same retning trekte han fram som ei av tre hovudutfordringar i tida som kjem.

Vil ikkje gå etter stjernene

— Møtet i morgon blir eit viktig springbrett. Det blir eit viktig høve til å drøfte korleis vi kan få til framgang i dette arbeidet, seier Keating til Bergens Tidende.

Keating vil ikkje vere særleg konkret om kva han ventar vil bli resultatet.

— Det kjem an på ambisjonane. Dersom vi strekkjer oss etter stjernene, er det sannsynleg at vi ikkje vil lykkast. Det er viktig å vere realistisk, seier Keating.

Afghanarane skal ha signalisert at dei ønskjer seg ein eigen permanent organisasjon, etter modell av OSSE. Andre land er skeptiske til dette, og vil ha ei lausare form på eit eventuelt samarbeid.

Ikkje fredsforhandlinar

Espen Barth Eide (Ap), statssekretær i UD, håpar det skal gå an å få framgang i samtalene, fordi landa har fleire samanfallande interesser. Det trass i at dei også har djuptgåande konflikter seg i mellom.

— Iran har for eksempel sterkt ei genuin bekymring for narkotikasmuglinga over grensa frå Afghanistan. Det gjeld å finne fellesnemnarane, og byggje på dette, seier Eide. Han understrekar samtidig at det ikkje handlar om fredsforhandlingar i tradisjonell forstand, men om å skape ei plattform for å drøfte spørsmål som påverkar stabiliteten i Afghanistan.