• Ap lovar sterk reduksjon i arbeidsløysa om partiet får oppslutnad om politikken sin. Men løftene kan ikkje oppfyllast. Vi vil slite med vedvarande høg arbeidsløyse.

Professor i sosialøkonomi, Fritz C. Holte, som seier dette til Bergens Tidende, grunngjev konklusjonane sine med at handlefridomen for Noreg er sterkt avgrensa på grunn av internasjonale bindingar.

Folkemøte i Bergen

På eige initiativ gjev han nå ut eit hefte mynta på valkampen med tittelen «Løftene kan ikkje innfris». Her går han i rette med påstandar og løfte som fleire av partia dels har kome med, eller som han ventar vil bli servert i valkampen.

Måndag blir arbeidsløyse og sysselsettingspolitikken teken opp som tema under eit direkteoverførd folkemøte i NRK frå Bergen.

Holte meiner politikarane må bli meir ærlege om ein skal unngå at politikarforakten breier endå meir om seg, meiner han.

Tek Ap hardast

— Sidan Ap har marknadsførd seg som partiet som er mest oppteken av arbeidsløysa, vil eg utfordre partiet nett på desse spørsmåla. Men også dei andre partia kan kritiserast for deira haldning og framlegg til løysingar av desse problema, seier han.

— Eg har merka meg at stortingsrepresentant og tidlegare finansminister frå Ap, Karl Eirik Schjøtt-Pedersen, har lista opp ei rad tiltak, men utan å seie noko om kva kostnadene blir.

Skatt ikkje nok

— Eg vil difor utfordre Ap: Kor mykje ønskjer Ap å bruke på sysselsettingstiltak og korleis vil ein finansiere tiltaka? Ap har sagt at dei ønskjer auka skattar for dei rikaste, men det rekk ikkje langt for å kunne få bukt med arbeidsløysa. Alternativet er meir bruk av oljepengar. Men her har Jens Stoltenberg gjort det klart at Ap ikkje ønskjer meir bruk av oljepengar enn den såkalla handlingsregelen opnar for. Difor er også den vegen stengd, seier Holte.

Spår høg arbeidsløyse

Holte viser til at både Statistisk sentralbyrå, Noregs Bank og Finansdepartementet reknar med at arbeidsløysa vil halde seg på godt over 100.000 ledige i år og dei komande to åra, slik kursen i dag ser ut.

— Det er difor endå meir påtrengande å få vite kva for verkemiddel og storleiken på dei økonomiske ressursane Ap alt i alt vil setje inn for å få arbeidsløysa ned så det monnar, meiner Holte.

— Du seier at norske politikarar ikkje har handlingsrom for å kunne gjere noko drastisk med arbeidsløysa. Kva tiltak vil du sjølv tilrå?

— Vi må vinne tilbake eit spelerom for norsk økonomisk politikk. Det kan ikkje skje innanfor eit system med utprega frihandel og frie kapitalrørsler. Marknadsliberalismen er inga løysing, seier Holte.

UTFORDRAR: Sosialøkonomen, professor Fritz C. Holte, utfordrar spesielt Ap men også dei andre partia i spørsmål om å få ned arbeidsløysa. Han meiner partia fær med falske lovnader. <br/>Foto: HÅVARD BJELLAND