• Vi må ikkje seie alt vi tenkjer, sa partisekretær Edle Daasvand. - Vi må bli meir kyniske, sa bystyremedlem Tina Åsgård. I går oppsummerte Hordaland SV tida i regjering så langt.

SV-årsmøtet

Sigrane må seljast, og SV må lære seg spelet som regjeringsparti. Det var hovudbodskapen då ein stortingsrepresentant, ein statssekretær og ein partisekretær møtte partifellar i Hordaland SV i går.

Dei første månadene i posisjon har vore prega av at partiet har fått mykje kritikk, og kome dårleg ut i media.

– Vi har ei av dei mest radikale regjeringserklæringane i Europa, og det er det motkrefter som ikkje vil ha. Dei rører på seg. Det gjer og media. Vi har ein politikk i media no som gjer at vi får mykje meir trøkk enn nokon andre. Når mobiltelefonen min no ringjer og eg ikkje kjenner att nummeret, let eg det ringe, for å seie det slik, sa stortingsrepresentant Ågot Valle.

Lurt av Ap og Sp

Det var elles mykje «tenk positivt» og «ver realistisk» på siste dagen av årsmøtet i Hordaland SV.

Dei fleste sa dei var nøgd med å sitje i regjering. Men det var tydeleg at læringskurven har vore bratt, i overgangen frå langvarig opposisjonsparti til regjeringsparti.

Frå salen kom det lite kritikk av partiet, men mange etterlyste resultat i konkrete saker.

– Kva gjer vi når (utanriksminister Jonas Gahr) Støre ser vestover og lograr, sa Mette Holmefjord Olsen frå Fusa, som etterlyste retningslinjer for kva dei tillitsvalde no har lov til å kome med av kritikk offentleg.

Tina Åsgård frå Bergen på si side meiner partiet bør bli meir kynisk, og viste til korleis dei var «lurt» av Senterpartiet og Ap i lanseringa av statsbudsjettet i fjor haust:

– Vi i landsstyret fekk vite innhaldet ein halv time før det vart offentleggjort. Dei andre partia hadde fått vite ganske mykje på førehand, og kunne kome med gode presseutspel på sigrar og forsvar av politikken på andre punkt.

– Vi må skryte meir

Åsgårds innspel vart ikkje kommentert frå podiet. Der vart det fokusert på vegen vidare. Statssekretær Åge Rosnes (frå Askøy) las opp ei lang skryteliste over kva partiet har fått til i regjering, som han sa vil bli oppdatert to gongar i året.

– Politikk handlar om ein ting: Tillit. Og eg trur mykje av det blir skapt av kva ein får til. Så vi må kommunisere ut det vi får til, sa Rosnes, før han la linja for partiets sjølvdisiplin:

– Når konklusjonane er fatta må vi stå på saka. Vi framstår lett som splitta viss vi kritiserer vedtaka i etterkant.

Både Valla og partisekretær Edle Daasvand var inne på at ein no hadde større sjanse enn nokon gong for å påverke politikken. Men då må korta spelast rett.

– No er initiativ nedanfrå viktigare enn nokon sinne. Det er ein av dei gode tinga ved å sitje i regjering. Men då må vi disiplinere oss, og ikkje seie høgt alt vi tenkjer, sa Daasvand.

JAN M.LILLEBØ