Kundesenter
Kundesenter

- Vi lever godt med mindretalsregjering

- Vi har levd godt med mindretalsregjeringar det siste hundreåret, og Bondevik-regjeringa er slik sett like sterk som mange av dei vi har hatt før.

Bilder

  • STERK POSISJON: Per Stavang legg vekt på at Noreg står sterkt på mange område etter at vi i lengre tid har hatt mindretalsregjering. ARKIVFOTO: EIRIK BREKKE
Del på e-mail Del på e-mail Del på Facebook Del på Nettby Del på andre nettsteder
Dette er den attesten professor i statsrett, dr. juris. Per Stavang, gir dagens trepartiregjering. Han underbyggjer påstanden med den ferske undersøkinga på verdsbasis som viser at Noreg skorer høgt når det gjeld demokrati og velferd.

Frank Aarebrot nikkar, men legg til at han er forundra over at regjeringssjefen frå KrF ikkje utnyttar meir den eineståande stillinga han er i no i månadene før stortingsvalet:

- Bondevik kunne ha vore mykje meir dristig og offensiv, for alle veit at Arbeidarpartiet ikkje ville ha felt ei slik regjering på dette stadiet.

Gro «svakare» etter 1994
Begge professorane deltok på seminaret om Stortinget gjennom dei siste hundre åra som Det juridiske fakultet i Bergen skipa til måndag.

I samtale med Bergens Tidende utdjupar Stavang og Aarebrot «problemet» med mindretalsregjeringar.

Juristen Stavang legg stor vekt på at styrken til slike regjeringar alltid må sjåast i lys av den parlamentariske situasjonen. Den siste Mowinckel-regjeringa (V) på 1930-talet og Willoch-regjeringa 1981-83 (før ho vart utvida) var sterke mindretalsregjeringar.

Når EF- og EU-saka har stått på dagsorden, har vi og hatt sterke mindretalsregjeringar, meiner han.

- Det er t.d. påfallande kor mykje sterkare Gro Harlem Brundtlands regjering stod før EU-røystinga i 1994 enn ho gjorde etterpå, seier Stavang.

Aarebrot legg til at Gro, som skipa regjering tre gonger, «stadig kom tilbake med svakare regjeringar. Men likevel hadde ho og regjeringa ein sterk posisjon i det parlamentariske styresettet.»

«Flinkare» enn EU-land
For Stortinget, og folkestyret i det heile, er det etter Frank Aarebrot si meining eit stort tankekors at EØS-avtalen i røynda har gjort Noreg til eit lydrike - mykje meir enn då vi var i union med Sverige.

- I tida før 1905 var nordmenn svært så opptekne av dei såkalla lydrikepunkta, men det er faktisk verre at vi så å seia utan unntak - og knapt utan debatt - godtek alle EU-direktiva. Det er over fire tusen til no. Vi har til og med implementert fleire EU-direktiv i vårt lovverk enn fleire av EU-landa har gjort!

For folk flest er dette likevel eit problem, for i alle parti bortsett frå Høgre meiner fleirtalet ifølgje ei fersk meiningsmåling at den praksis som er utvikla står i strid med Grunnlova, seier Aarebrot.

Verre med EU-domstolen
Stavang er ikkje samd i at norske styresmakter er passive og utan innverknad, for i dei komiteane som førebur slike direktiv kan Noreg vera representert i så mange vi vil. Han understrekar samstundes at ein svært stor del av direktiva ikkje er lover i vår tyding av ordet, men forskrifter.

I den grad Noreg er fjernstyrt utanfrå på uheldig vis legg jusprofessoren større vekt på EU-domstolen. Den har fått ei makt og ein posisjon som ikkje heilt har vore tilsikta.

Del på e-mail Del på e-mail Del på Facebook Del på Nettby Del på andre nettsteder
Abonner på vårt nyhetsbrev

Søk i skattelistene Topplister

Eks: Ola Nordmann

3 mest leste artikler »

Hva koster egentlig nabohuset ditt?

Her kan du finne det ut! Prøv vårt boligsøk.

Følg alle skip direkte

Bt.no har mange digitale tjenester. Her kan du følge skipstrafikken i Hordaland minutt for minutt.

Søk i skattelistene

Eks: Ola Nordmann

Spesial

  • E' du tidig?

    Det er en latterlig nyhet, men sant. Nå får du stand-up på bt.no.

Spesial

Spesial

Kommentar

  • Snerr, glefs, aargh, idiot!

    Tonen i nettdebattene fornyer myten om den norske folkesjelen. Vi er sære, sure, arrogante og store i kjeften.

Leder

  • Hjelpen til Island

    Vi håper islendingene sier ja til Icesave-avtalen. Men hjelpen fra Norden kommer i alle fall.

Leder

  • Ei tid for alt

    KrF slepp ikkje unna debatten om partiets sjel dersom dei framleis vil vere eit politisk parti.

Kommentar

  • Oljejobbene som forsvinner

    Rundt 30.000 norske oljejobber vil forsvinne til utlandet de kommende årene, sier innkjøpsekspert Hans Kristian Skjold.

NRK1

  • 06:30 Morgennytt
  • 10:00 NRK nyheter
  • 10:05 Aktuelt
  • 10:50 Puls
  • 11:20 Førkveld
  • 12:00 NRK nyheter
  • 12:10 Herskapelige gjensyn
  • 12:40 Viten om (5)
  • 13:10 Urix
  • 13:30 Filmavisen 1959
  • 13:40 Med hjartet på rette staden (19)
  • 14:30 Norsk for nybegynnere (3)
  • 15:00 NRK nyheter
  • 15:10 Dynastiet (18)
  • 16:00 Derrick (8)
  • 17:00 NRK nyheter
  • 17:10 Herskapelige gjensyn
  • 17:40 Oddasat - nyheter på samisk
  • 17:55 Nyheter på tegnspråk
  • 18:00 Førkveld
  • 18:40 Distriktsnyheter
  • 19:00 Dagsrevyen
  • 19:45 Ut i naturen
  • 20:15 Bygdeliv (6)
  • 20:45 Extra-trekning
  • 20:55 Distriktsnyheter
  • 21:00 Dagsrevyen 21
  • 21:30 Det nye landet (5)
  • 22:25 Bokprogrammet
  • 23:00 Kveldsnytt
  • 23:15 Tootsie
  • 01:05 Klasse 10 B (6)
  • 01:45 Svisj gull

NRK2

  • 06:30 Morgennytt
  • 10:00 NRK nyheter
  • 10:05 Distriktsnyheter
  • 11:00 NRK nyheter
  • 11:05 Distriktsnyheter
  • 12:00 NRK nyheter
  • 12:10 Distriktsnyheter
  • 13:00 NRK nyheter
  • 13:05 Distriktsnyheter
  • 13:30 Lunsjtrav
  • 14:00 NRK nyheter
  • 14:05 Lunsjtrav forts
  • 14:30 Doktor Åsa (6)
  • 15:00 NRK nyheter
  • 15:10 Aktuelt
  • 16:00 NRK nyheter
  • 16:30 NRK nyheter
  • 17:00 NRK nyheter
  • 17:10 Urix
  • 17:30 Kystlandskap i fugleperspektiv
  • 17:35 Jon Stewart
  • 18:00 NRK nyheter
  • 18:03 Dagsnytt 18
  • 19:00 Testen: Det usikre Internett
  • 19:35 Jon Stewart
  • 20:00 Aktuelt
  • 20:45 Året med den danske kongefamilien
  • 21:45 Glimt av Norge: Sherpafolket i Sogn
  • 21:55 Keno
  • 22:00 NRK nyheter
  • 22:10 Urix
  • 22:30 En verden av våpen
  • 23:30 Da pengane erobra verda (6)
  • 00:20 Ut i naturen
  • 00:50 Oddasat - nyheter på samisk
  • 01:05 Distriktsnyheter
Lukk vinduet