VIDAR YSTAD

Det er klart etter at Frp-formann og partileiar Carl I. Hagen i går tok saka opp på møtet i Kontrollkomiteen, slik han varsla i BT.

Dette skjer på bakgrunn av fleire oppslag i Bergens Tidende om dei lukrative løns— og pensjonsvilkåra for sjefar i statlege føretak.

- Fullt mogeleg

— Vi har reiskapen til å kunne endre løns- og pensjonsvilkåra for direktørane i statsforetaka. Og vi er interessert i å bruke han, seier Kjell Engebretsen (Ap) til BT. Han siktar til ein paragraf i lov om statsforetak. Han avviser motargument som at det er «formelt ukorrekt, juridisk umogeleg og forretningsmessig uheldig» om Stortinget tek initiativ til å freiste å få redusert dei gullkanta tilsettingsvilkåra som fleire statlege direktørar har.

Hagen arbeidde i går kveld med utkast til brev som blir overlevert komitemedlemene og som skal behandlast komande tysdag. Han vil stille statsråd Brende spørsmål om retningslinene for løns- og pensjonsfastsetting for direktørane er fylgt.

Kaste styre?

— Eg legg til grunn at han vil svare nei. Og eg vil vite kva han har tenkt å gjere for å få tilsettingsvilkåra i samsvar med retningslinene. Eg vil også vite om han vil vurdere å skifte ut styremedlemer som ikkje fylgjer retningslinene, seier Hagen. til Bergens Tidende.

Komiteleiar Ågot Valle (SV) seier til Bergens Tidende at ho og SV er sterkt interessert i å fylgje opp denne saka.

Dei stortingsrepresentantane som ynskjer å gjere noko med lønsvilkåra til dei aktuelle direktørane, kan hente ammunisjon frå saka om direktørlønene i Helse Sør. I fjor vår fekk styret i Helse Sør eit meir eller mindre direkte pålegg frå helseminister Dagfinn Høybråten om å reforhandle løns- og pensjonsvilkåra for ei rad direktørar i helseforetaka. Forhandlingane vart også gjennomførde, og dei fleste av direktørane gjekk med på å redusere både løn og pensjonsvilkåra sine, sjølv om dei hadde juridisk rett til å halde på avtalane sine.

— I den grad desse direktørane har løns- og pensjonsvilkår som det ikkje er folkeleg oppslutnad om, så bør dei endrast. Eg har alltid undra meg over og reagert mot at vi har nokon offentleg tilsette direktørar som har meir i løn enn statsministeren. Det syns eg ikkje om. Og eg trur heller ikkje at folk flest syns om det, seier Kjell Engebretsen.