I går kunne Bergens Tidende fortelje at Stortinget har fått informasjon om løns— og pensjonsvilkåra for direktørane i dei fem regionale helseforetaka.

Opplysningane er gjevne til Stortinget, dels direkte i brev, hausten 2002, dels som trykt vedlegg til statsbudsjettet for i år.

Les ikkje vedlegg

Ingen av medlemene i Sosialkomiteen vil seie at dei har lese desse dokumenta.

— Det er sjeldan vi les vedlegg, seier komiteleiaren, John Alvheim (Frp), til Bergens Tidende.

— Eg kan ikkje hugse å ha sett eller reflektert over desse dokumenta, seier han.

Alvheim seier at han syns desse tilsettingsavtalane er lukrative samanlikna med andre stillingar i det offentlege.

— Det er openbert at vi har fått informasjon som kunne gjeve oss grunnlag for å reagere. Då kan vi ikkje godt kritisere statsråden for ikkje å ha informert. Det han derimot kan kritiserast for, er å ha godkjend eit system og vilkår for lønn og pensjon som aldri skulle vore godkjend, seier Olav Gunnar Ballo. Han er SV-representant i komiteen.

- Burde ha reagert

— Hadde vi sett dette, ville vi ha reagert der og då. Men likevel er det klart at vi ikkje har fått fullstendig informasjon. Det er til dømes ikkje opplyst om at direktør Steinar Stokke i Helse Sør kunne gå av på 58 år og oppretthalde direktørløna fram til han vart pensjonist ved fylte 62 år. Dette er horribelt, seier Ballo.

— Det eg veit om denne saka, har eg lese i avisene. Eg har ikkje lese det som står i desse dokumenta. Eg må nå gå tilbake og sjå kva som ligg i papira. Dersom det ligg der, skulle vi ha lese det. Hadde vi oppdaga dette, burde vi ha reagert. Når vi ikkje har gjort det, er det også ei form for godkjenning. Dette gjev oss ei lekse, ein lærepenge, seier Britt Hildeng (Ap) medlem av Sosialkomiteen.