— Vi er plantenes Ikea. Vi driv utradisjonelt, baserer oss på mindre service enn andre hagesenter, og har 30 prosent import, seier administrerande direktør Henrik Thoresen.

Sidan etableringa av den første Plantasjen-butikken på Skedsmo utanfor Oslo i 1986, har kjeda spreidd seg utover landet med i alt 34 butikkar.

Stord og Os neste

På Vestlandet er selskapet på plass i Sandnes og Haugesund, og med tre utsal Bergen. Plantasjen bur seg på nok ei etablering i Bergen, i tillegg står Os og Stord på planlista.

Målet er 50 norske utsal. Etter ein årleg vekst på rundt 25 prosent sidan 1993, landa Plantasjen på ein omsetnad på 1,6 milliardar kroner i Noreg i fjor. Målet i år er 1,9 milliardar. I Sverige har kjeda 22 hagesenter, i Finland tre.

Mangemillionær-brødre

Spira til det som i dag er Plantasjen vart lagt då Kongsvinger-brørne Lars Gylterud (44) og Karl Ragnar Rimfeldt (51) overtok gartneriet til faren. Brørne selde aksjemajoriteten sin til EQT Northern Europe i 2001 og blei mangemillionærar. Yngstemann sat med ein formue på 110 millionar kroner i 2002, broren hadde 114 millionar.

EQT er eit investeringsselskap etablert av den svenske Wallenberg-familien i 1994. Det har i dag eit aktivt eigarskap i over 20 nordeuropeiske konsern med ein samla omsetnad på over 50 milliardar kroner. EQT har blant anna kjøpt seg inn i Findus, Electrolux, Ericsson og Atlas Copco.

Leveleg utanfor kjedene

— Vi har om lag 25 prosent av den norske marknaden. Men det er mange aktørar som prøver seg i delar av marknaden, slik som byggkjeder, Ikea, Europris og Smart. Så vi må jobba hardt mot målet om å bli størst på alle hagerelaterte ting, seier Plantasjens norske toppsjef, Henrik Thoresen.

Thoresen meiner at kjededominansen ikkje betyr slutten for tradisjonelle hagesenter.

— Dei er redde for oss. Men i byar der vi har gått inn, ser vi at godt drivne hagesenter med høgare servicenivå enn oss har livets rett, seier Henrik Thoresen.