Kalvig trur at noko av forklaringa på at vi ikkje har fått ei masseutmelding frå statskyrkja ligg i at folk kan bruke kyrkja annleis enn før.

— Vi føler større grad av fridom til å personleggjere bruken av kyrkja, til å vere statskyrkjemedlemmer på ein ny måte. Den nye interessa for det åndelege kan slå positivt ut for kyrkja. Det kan føre til at nokon vender tilbake eller let vere å melde seg ut, seier Kalvig.

Ho er religionsvitar og held no på med doktorgrad om alternativ terapi ved Universitetet i Stavanger.

— Sjølv gifta eg meg i Vår Frues kyrkje i Stavanger fordi mannen min er medlem i statskyrkja. Men det var viktig for meg at det var i akkurat denne kyrkja som er tileigna Jomfru Maria. Slik er eg vel eit klassisk døme på personleg fortolking av kyrkja. Folk er blitt mykje flinkare med personleg symbolbruk. Her har nok internett spilt ei viktig rolle.

Kalvig trur at aukande åndeleg lengsel gir behov for å ha eit rituelt rom. For mange fungerer statskyrkja som dette, sjølv om dei ikkje er samde i alt den står for. Dessutan er kyrkja blitt mjuka opp, har hatt ei viss rituell fornying og er meir open for nye tolkingar.