— Eg har aldri hatt sans for den typen målingar. Ein må gå inn i substans og innhald i sakene for å kunne seie noko meiningsfylt om avstand mellom partia. Voteringsutskrifter frå voteringar i Stortinget seier ingenting om den faktiske avstanden, seier Solberg.

Ho peikar på at Frp fremjar ei stor mengde framlegg som kjem til votering i salen.

  • At vi ikkje røystar for, treng ikkje bety at vi er usamde i sak. Vi kan vere samde både i retning og innhald. Men det kan vere ordval i framlegget som gjer at vi ikkje røystar for. Andre gongar kan det vere spørsmål om usemje om beløp. Eller vi kan vere tilhengar av utgreiing i staden for konkluderande vedtak, seier Solberg.

Jensen samd med Solberg

Partileiar og parlamentarisk leiar Siv Jensen i Frp, er heilt på line med Solberg i desse spørsmåla.

  • Vi går ofte i same retning, Høgre og Frp. Men ingen bør vere overraska over at opposisjonspartia på Stortinget fremjar eigne primærstandpunkt under voteringar i Stortinget, seier Jensen.
  • Slike oppstillingar som det eg nå får presentert, provar ingen ting anna enn at Frp vil marknadsføre seg sjølv. Vi er generelt veldig aktive her ved å fremje eigne forslag. Det ville vore meir overraskande og frustrerande om ein kom opp med oversyn som viste at Frp ikkje driv eigen marknadsføring og fremjar eigen politikk, seier Jensen.

2,4 millionar voteringar

Ho legg til at det vil vere langt meir interessant å få ei vurdering av retninga i standpunkta til dei ulike partia i dei politiske sakene som kjem til votering.

Bjørn Henrichsen i NSD avviser kritikken frå Solberg og Jensen. Han peiker på at arkivet inneheld 2,4 millionar voteringar.

  • Tala viser at over tid har avstanden mellom Frp og Høgre auka. Nokre saker er store og viktige, andre er små, men i eit så stort volum vil det jamne seg ut, seier Henrichsen.
KRITISK: - At vi ikkje røystar for, treng ikkje bety at vi er usamde i sak, seier Erna Solberg.
Håvard Bjelland