• Arbeidarpartiet må legge kursen mot venstre. Kursen har i lengre tid vore altfor langt til høgre. Det gjeld både med Gro, med Thorbjørn og med Jens som statsministrar.

Dette seier den mektige leiaren i Norsk Kommuneforbund, Jan Davidsen, til Bergens Tidende. Brannmann Davidsen frå Bergen sat i mange år i sentralstyret i Ap. Det gjer han ikkje lenger, men han er like engasjert for det.

— Større skilnad fattig/rik

— Høgre-kursen i partiet og i regjeringsposisjon har vore klar i fleire år. Det har ikkje vore synleg skilnad mellom Gro Harlem Brundtland, Thorbjørn Jagland eller Jens Stoltenberg. Dette kjem i første rekke til syne i forhold til fordelingspolitikken: Skilnadane mellom fattig og rik er blitt større og større. Dette er utfordrande for truverdet til arbeidarrørsla. Det har også i høg grad konsekvensar for fagrørsla, for medlemene våre og for rekruttering og tillit til dei faglege organisasjonane. Dette er eit spørsmål om kva verdiar vi står for.

Han vil ikkje meine noko offentleg om forholdet mellom Stoltenberg og Jagland og kven av dei som er best skikka til å leie partiet.

Han nøyer seg med å slå fast at partiet har valt ei todelt leiing.

— Det skal vi ha. Det viktige er uansett politikken, kva vi står for. Det er mykje viktigare enn spørsmålet om kven som er leiarar. Her må ein sjå framover, og då må kursen leggast til venstre. Det er nok av høgre-parti i dette landet. Og vi ser korleis SV sig framover.

Ansvaret

Davidsen vil ikkje «henge bjølla på katten», eller peike ut personar som spesielt og direkte ansvarleg for høgre-dreiinga i partiet. Han meiner det har skjedd ei gradvis utvikling der stadig meir er blitt overlate til «marknaden» og der ein har fråskreve seg viljen til politisk styring.

— Det har skjedd ei av-politisering, ein overgang frå politikk til administrering, prega av teknokratisk tankegang og neddemping av den politiske styringa. Eg meiner at dette har hatt direkte konsekvensar for valdeltakinga. Færre orkar eller ser vits i å engasjere seg. Ap og Frp

— Samstundes meiner eg det er svært uheldig at ein opplever at Ap og Frp «finn kvarandre» i den løpande, daglege politikken, til dømes i Stortinget. Det verkar til å dekke over det som måtte vere av politiske skilleliner på verbal- eller teoriplanet. Det er ikkje lett å mobilisere folk på eit slikt grunnlag. Det hjelper lite å snakke om ideologiske skilleliner når den faktiske politikken som blir utøvd er så lik, seier Davidsen.