I helga deltok ho på Senterpartiet sitt landsmøte på Lillehammer. Og ho vart ynskt hjarteleg velkomen av partileiar Åslaug Haga.

— Ein heilt naturleg overgang, meiner Haga om Sandvik, som tidlegare i vinter forlet Meland Høgre og melde seg inn i Sp då ho vart vraka frå 1.-plassen i nominasjonskampen.

Dei to hadde litt å snakkast om, for dei har møtt kvarandre før, i fjor ein gong, då Åslaug Haga var innom Frekhaug. Og Haga har ikkje gløymt den gode mottakinga ho fekk.

Solbjørg Åmdal Sandvik har ein familietradisjon å ta vare på når ho no er komen «attende» til Senterpartiet. Far hennar, Olav Åmdal, var styrar på Nordhordland Folkehøgskule, ordførar i Meland og fylkesordførar - og han representerte Sp.

— Eg saknar litt Høgre slik det var i gamle dagar, då folk som Erling Norvik stod i leiinga. Men no kjenner eg meg heime, nesten som den bortkomne sonen som har funne attende til faderhuset. Det er godt å vera i eit parti som er så inkluderande som Senterpartiet, seier Solbjørg Åmdal Sandvik.

GAMLE KJENDE: Partileiar Åslaug Haga var glad for å ynskja Solbjørg Åmdal Sandvik velkomen som nytt medlem i Senterpartiet. FOTO: JOHN LINDEBOTTEN