• Gamle, originale slektsnamn er populært blant unge foreldre. Både Maud og Sverre bør vere aktuelle namn på den kongelege babyen, meiner Liv Nybø.

Nybø har skrive hovudfagsoppgåve om namneval ved Institutt for kulturvitskap på Universitetet i Bergen, og er meir tradisjonelt orientert enn namneforskar Ivar Utne.

— Bruk av gamle namn er svært viktig for mange unge i dag. Det er også viktig med originale namn, namn som ikkje «alle andre» vel, forklarar Nybø.

— Dessutan bør det vere slektsnamn, gjerne langt tilbake i tid. Dersom prinsesse Märtha Louise og Ari Behn også tenkjer slik, er Maud eit alternativ. Veldig kongeleg og eit stolt kvinnenamn. Maud er svært uvanleg i dag, og barnet ville vere ganske aleine om namnet.

— Og gutenamn?

— Dersom dei vil vere originale, kan dei velje Sverre , som også er eit gamalt kongenamn, men veldig lite brukt i dag. Kanskje fordi mange i foreldre- og besteforeldregenerasjonen heiter Sverre, og mange oppfattar namnet som keisamt og utbrukt, seier Nybø.

— Og dersom dei verkeleg vil vere originale, kan dei velje tradisjonelle, folkelege, norske namn som Kjell eller Odd som ekstra førenamn. Det er nesten ingen barn som heiter dette lenger. Slik kan dei kombinere eit oppkallingsnamn med eit som ikkje er det.

— For eksempel Sverre Odd eller Sverre Kjell?

— Ja. Sjølv om akkurat dét klang litt rart, medgir Nybø.