Sponheim vil bli parlamentarisk leiar for Venstre-gruppa som nå tel 10 representantar, den største sidan 1969. Då fekk partiet valt inn 13 representantar, men gjekk ut av perioden med berre fem etter at åtte hadde hoppa av under splittinga i 1972.

Tradisjonelt har dei parlamentariske leiarane for parti som har styrke til det innteke utanrikskomiteen på Stortinget. Det store unntaket er Carl I. Hagen i Frp. Utanrikskomiteen blir rekna som den mest prestisjetunge komiteen.

— Men den komiteen er litt på sida av det som skjer. Der er finanskomiteen klart viktigare. Som parlamentarisk leiar og medlem av finanskomiteen vil eg kaste meg for fullt inn i arbeidet for at partiet skal vekse og stå sentralt i norsk politikk, seier Sponheim til BT.

Han var medlem av finanskomiteen i perioden 1993-97 då han var åleine som Venstre-representant på Tinget.

— Eg er overtydd om at valresultatet vil opne sentrum i norsk politikk. Høgre blir nøydd til å konkurrere med Frp. KrF må styrke seg med utgangspunkt i eige grunnfjell, og Senterpartiet har valt å gå til venstre. Det gjev Venstre ein unik sjanse til å markere seg som det moderne sentrumspartiet, seier Sponheim.

Han lovar at Venstre vil markere seg kraftig.

— Vi skal vidareføre profilen som miljøpartiet. Eg er viss på at vi får godt høve til det overfor den nye regjeringa. Her får vi ingen konkurranse frå Høgre og Frp. Vi skal også markere oss som småbedriftspartiet og som partiet for sosialt ansvar. Det omfattar også skule- og utdanningssakene.

— Du snakkar om å markere Venstre i opposisjon. Nå har talsmenn for dei komande regjeringspartia uttala at dei ønskjer samarbeid med opposisjonen på Stortinget?

— Å tru at dei kan forhandle vekk opposisjonen, er heilt illusorisk. Opposisjonen si oppgåve er å markere og synleggjere motsetnadane. Kompromiss er neppe aktuelt i meir enn ei handfull store nasjonale saker i løpet av ein fireårsperiode, seier Sponheim.

HÅVARD BJELLAND (foto)

FOTOSESSION: I går var dei nye Venstre-representantane, med Lars Sponheim i spissen, samla til fotografering i Eidsvollsgalleriet på Stortinget. Der heng dei politiske forfedrene på rad og rekkje.
Håvard Bjelland