Klokka 10.00 i dag opnar ein rettsbetjent dommardøra i rettssal 250. Dommar Wenche Arntzen vil spasere inn først, følgt av dei fire andre dommarane.

Så, etter eit kort «retten er satt», vil ho kome med svaret på det som er rettssakas store spørsmål: Om Anders Behring Breivik er frisk nok til å bli kjent tilrekneleg, eller ikkje.

— Det er eit rimeleg bastant fleirtal for at han er tilrekneleg. Og det er ikkje ubegrunna, seier Frank Aarebrot, professor ved Universitetet i Bergen.

— Eg trur dei fleste menneske vil finne det urimeleg om han blir dømt som utilrekneleg, seier Bernt Hagtvet, professor i statsvitskap ved Universitetet i Oslo.

I ei meiningsmåling gjennomført for NRK i juni, svarte 74 prosent av 1000 spurde at Breivik er frisk nok til å bli straffa som tilrekneleg. 10 prosent meinte nei, resten var usikre.

Aksepten

I god tid før klokka 10.00 i morgon samlar ei gruppe forskarar seg rundt ein TV på Det juridiske fakultet, Universitetet i Bergen.

Linda Grøning, spesialist på strafferettssystemets funksjonalitet, er blant dei.

— I den meir folkelege debatten verkar det å vere ei vanleg oppfatning at han er tilrekneleg og derfor prinsipielt sett skal bli straffa. Det betyr ikkje nødvendigvis at Breivik skal få ei unødvendig streng straff. Men det er noko med å måtte ta ansvar for det du gjer, seier førsteamanuensen ved UiB.

Påtalemakta har lagt ned påstand om at Breivik blir kjent utilrekneleg og dermed overført til tvungent psykisk helsevern. Forsvarets påstand er motsett – og er støtta av eit fleirtal av bistandsadvokatane til pårørande og overlevande.

— Vil Norges befolkning akseptere ein ikkje straffbar Breivik?

— Ja, det trur eg. Det fins også stemmer som har ønska at han blir kjent utilrekneleg. Men det vil skape ein diskusjon, sjølv om mange er førebudd på at han blir dømd utilrekneleg. Mange forventar nok at det blir utfallet. Men i kva grad domen blir godteke, vil vere avhengig av kor god grunngjevinga er, seier Grøning.

Fnugg av sjanse

Sjølv om folkemeininga og rettslege prinsipp kan stå mot kvarandre, seier Hagtvet at det ikkje kan påverke dommarane.

— Eg er nokså sikker på at juristane er fullt klar over denne stemninga. Men dei må sjølvsagt kunne stå heilt fritt, seier han.

Hans kollega i Bergen, Frank Aarebrot, meiner "den allmenne rettsoppfatninga" står i fare.

— Aksepten i befolkninga vil avhenge av konsekvensane. Om det er ein fnugg av sjanse for at Breivik slepp ut på eit tidspunkt, er det ikkje til å leve med, seier Aarebrot.

Likevel har ikkje befolkninga noko val. Anten ankar Breivik eller aktoratet, og saka rullar vidare i rettssystemet eit halvt år til – eller den blir avslutta i morgon.

24 mot to

— Mannen på gata har ein annan definisjon på galskap enn psykiatrien. Men vanlege folk har erfaringar med naboar og slektningar som har vore tvangsinnlagt. Det betyr ikkje nødvendigvis at psykiatrane tar feil. Men når eit fleirtal av psykiatrane meiner det same som folk flest, då byrjar det å bli rart for folk, seier Aarebrot.

I ei måling gjort av VG blant landets rettssakkyndige psykologar og psykiatrar, meinte seks av ti at Breivik var tilrekneleg. Av dei som har undersøkt Breivik, meiner 24 at han er tilrekneleg. Berre sakkyndigparet Synne Sørheim og Torgeir Husby har funne han psykotisk og dermed utilrekneleg.

Sjølv trur Linda Grøning det er for mykje usemje om Breivik er frisk eller ikkje – og at utilrekneleg derfor er mest sannsynleg.

Personleg, derimot:

— Eg heller mot at Breivik kan ta tilstrekkeleg grad av ansvar til å bli sett på som tilrekneleg.