• Ransakinga mot mulla Krekar var uheimla og rettsstridig. Ut frå alminneleg juridisk skjøn må ein nå kunne seie at PST har sikta han mot betre vitande. Eg har nå påklaga ransakinga og bede om at PST legg vekk saka.

Dette seier advokat Brynjar Meling til Bergens Tidende. Ransakinga vart gjennomførd i fjor haust etter at Krekar var arrestert i Nederland.

Han har med interesse merka seg opplysningane som framkom i Bergens Tidende i går som gjekk ut på at PST ikkje har juridisk grunnlag for siktinga mot Krekar etter § 104 a i straffelova.

— Det er heilt i tråd med det eg har hevda i lengre tid. Eg har nå sendt brev til PST og bede dei legge vekk saka mot Krekar, seier Meling.

Strid

PST-sjef Per Sefland opplyste i går til Verdens Gang at det er strid mellom PST og førstestatsadvokat Lasse Qvigstad om tolkinga av § 104 a.

Difor har PST bede riksadvokaten vurdere om ein kan nytte denne paragrafen overfor mulla Krekar.

Qvigstad vil ikkje kommentere saka overfor Bergens Tidende.

Knut Kallerud, som er konstituert som assisterande riksadvokat, opplyser til Bergens Tidende at embetet vil gjere ei slik vurdering på generelt grunnlag. Han kan ikkje seie noko om når den vil vere klar.

- Trenering

Meling fekk tysdag ettermiddag tilgang til dokumenta i saka etter fleire purringar til overvakingspolitiet, PST. Dokumenta vart først utlevert etter at Meling hadde hatt eit møte med førstestatsadvokat Lasse Qvigstad.

— Eg har opplevd PST si haldning som rein trenering og at dei ynskte å halde dokument i saka løynd for meg. Då eg tok spørsmålet om dokumentinnsyn opp i møte med Qvigstad, gjorde han det heilt klart at eg hadde krav på dokumentinnsyn, seier Meling til Bergens Tidende.

Meling seier at han er overraska over kor lite materiale som ligg i saka.

Det er nå blitt kjent at førstestatsadvokat Qvigstad sendte brev til PST før jul om Krekar-saka.

— Eg er også blitt orientert om at det finst eit slikt brev. Det ligg ikkje i saksdokumenta eg har fått, og det er heller ikkje førd opp på dokumentlista i saka, seier Meling.

Intern opprydding

PST vart i går innkalla til møte med Qvigstad for å rydde opp i den uklare situasjonen som er skapt etter medieomtalen av konflikten mellom statsadvokatembetet og PST.

I media vart det hevda at PST ynskte å pågripe Krekar då han måndag kveld kom til Gardermoen men at dette vart hindra etter inngrep frå førstestatsadvokat Lasse Qvigstad.

Dette blir avvist i ei felles pressemelding som vart sendt ut etter møtet.

Her blir det klart slege fast at PST er underordna statsadvokatembet og at statsadvokatembetet har rett og plikt til å sjå til at PST si etterforsking held seg innanfor dei rammene som fylgjer av straffelova og straffeprosesslova. PST var heller ikkje i går tilgjengeleg for å kommentere eller svare på spørsmål frå Bergens Tidende.