- Uforståeleg dyrt for høgfartsbane

Korleis kan svenskane byggje tog så utruleg mykje billegare enn oss? I dag dreg Øyvind Halleraker (H) til Stockholm for å finne løysinga. I dag dreg Halleraker til Stockholm for å lære korleis svenskane kan byggje så mykje billegare.

- Eg skal møta partikollegaer frå Moderaterna. Då vil eg dra fram oppslaget i Bergens Tidende måndag, om dei låge prisane på svenske høgfartsbaner. Dette vil eg då få inn som tema i samtalane vi skal ha, seier Halleraker.

Han er medlem av Samferdslekomiteen og ei drivande politisk kraft bak Den Sørnorske høgfartsringen - eit opplegg for lyntog frå Oslo til Bergen, Stavanger, Kristiansand og attende til Oslo.

Han reagerer sterkt på prisane som den tyske VWI-gruppa i samarbeid med norske fagfolk har kome fram til for høgfartsbaner i Sør-Noreg:

* 233 millionar kroner pr. kilometer på Bergensbanen over Hallingdal.

* 247 millionar kroner pr. kilometer på Bergensbanen over Numedal.

- Dette er komplett uforståelege prisar, seier Øyvind Halleraker.

Tvilar på kompetansen
I Nord-Sverige er Botniabanan AB i ferd med å fullføra ei høgfartsbane langs kysten opp mot Umeå. Kilometerpris: 67 millionar kroner. Pris pr. kilometer tunnel: 80 millionar.

- Sant å seia tvilar eg på kompetansen til dei som står bak Jernbaneverket sin rapport om norske høgfartsbaner, seier Jon Hamre.

Han er jernbaneplanleggjar, og samarbeider med selskapet Multiconsult om Den Sørnorske høgfartsringen.

- Ingeniørane våre reagerte på den prisen som Jernbaneverket si ekspertgruppe kom fram til for tunnelar på høgfartsbaner i Sør-Noreg, seier Hamre.

Skeptisk til kompetansen
No skal ikkje den tyske ekspertgruppa rundt Verkehrswissenschaftliches Institut Stuttgart ha åleineansvaret for konklusjonane i høgfartsrapporten til Jernbaneverket. VWI-gruppa fekk hjelp av norsk ekspertise til å vurdera kostnader og uvisse basert på kunnskap om grunntilhøve og anleggsdrift.

- Men det fortel litt om kunnskapsnivået når rapporten fortel at det må rivast tre hus pr. kilometer langs vår bane mellom Kongsberg og Geilo. På den strekninga finst det nesten ingen hus i det heile, seier Hamre.

Den norske gruppa var leia av konsulentselskapet Metier, og hadde fagfolk frå mellom anna SINTEF og Noregs Geotekniske Institutt. BT fekk i går ikkje kontakt med dei rette personane i Metier.

Ledig kapasitet i utlandet
Jörg Westermann, som står bak ideen om Haukelibanen, seier at han har rekna bana gjennom Telemark til Bergen og Stavanger til 85 millionar kroner pr. km. Og då snakkar Westermann om dobbeltspor og nesten halvparten tunnel.

- Skulle norske entreprenørar byggje banen i morgon, ville prisen verta langt høgare. Prisnivået i byggjebransjen har auka kraftig i det siste på grunn av stor etterspurnad. Men for prosjekt av Haukelibanen sin storleik kan ein ikkje basere seg på norske entreprenørar åleine. I mange land har byggjebransjen større ledig kapasitet enn i Noreg, seier Westermann.

Kva synest du? Delta i debatten nederst i saka!

Les også

Siste fra Innenriks

Norsk Tippings nye toppremie: 700 millioner

Nyvinningen heter Euro Jackpot.

Her heiser de opp forsikringsselskapets bil

- Veldig rart, sier skadedirektøren.

Riksadvokaten åpner for å påstå straff for Breivik

Riksadvokat Tor-Axel Busch åpner for at påtalemyndigheten kan komme til å påstå straff for Anders Behring Breivik under rettssaken. - Tiltalen vil bli skrevet med forbehold, sier riksadvokaten.

Lysbakken legger seg flat

- Alvorlig, sier lederen i kontrollkomiteen.

Skolejente (8) utsatt for blotter på Stord

To patruljer fra politiet leiter etter en mann som skal ha blottet seg for 8-åring på skolevei.

Ber om fengsel for Birkedal

Aktor Karsten Monsen mener den tidligere Frp-toppen Trond Birkedal fortjener ni måneders ubetinget fengsel for seksuell omgang og seksuelle handlinger med to gutter på 15 år.

fakta/ prisane på Botniabanan, pr. kilometer:

* Tettbygde strok: 103 millionar kroner.

* Flatt skogsland: 47 millionar kroner.

* Jernbanetunnel, komplett utstyrt: 80 millionar kroner.

* Jernbanebru: 145 millionar kroner.

SUMMANE ER NORSKE KRONER OMREKNA FRÅ SVENSKE ETTER KURS 0,85. TALA ER STADFESTA AV PROSJEKTSJEF LENNART WESTBERG I BOTNIABANAN AB

Relaterte bilder

BANE MOT BAKKE: Framføringa av høgfartsbana i Nord-Sverige gjekk ikkje utan vanskar. I Örnsköldsvik ligg hoppanlegget tett inntil sentrum av byen. 90-metersbakken måtte gravast inn i terrenget, slik at ikkje hopparane landa på toget. FOTO: BOTNIABANANS ARKIV

Mest lest

Dette deler våre lesere på Facebook:

Mest lest

Siste saker

SØK I SKATTELISTENE (2009)

På forsiden nå

Lederstillinger

Stillinger