• Eg trur ikkje det kan vere nokon tvil om at den amerikanske behandlinga av irakiske fangar har gjort arbeidet med å stabilisere landet vanskelegare.

Dette slo utanriksminister Jan Petersen fast i den utanrikspolitiske utgreiinga si for Stortinget i går. Han konstaterte at den tryggingspolitiske situasjonen ikkje er blitt betre sidan han heldt den førre utgreiinga si for Stortinget i januar.

Terrorutspring

I innlegget sitt uttrykte han sterk uro over utviklinga i Irak, i Afghanistan og i Midt-Austen generelt. Noreg vil bruke 80 millionar på utviklingshjelp og humanitær hjelp i Irak og 300 millionar i Afghanistan i år.

— Stadig oftare finn vi i dag kjeldene til trugsmåla mot internasjonal fred og stabilitet i Midt-Austen-regionen, hevda Petersen.

Petersen sa at han ikkje er i tvil om at det irakiske folket har fått svekka tillit til USA, til dei amerikanske styrkane og til dei demokratiske verdiane i dei vestlege landa generelt, som fylgje av overgrepa mot fangane.

«Rystande»

Petersen slo fast at Regjeringa legg avgjerande vekt på at korkje menneskerettane eller den humanitære folkeretten kan brytast i kampen mot terror. Han skildra overgrepa som er avdekka i Abu Ghraib-fengselet i Irak, som rystande.

Petersen set nå sin lit til at amerikanske styresmakter kjem til botn i kva som har skjedd. Han påpeika at USA også er folkerettsleg forplikta til det. Han opplyste at norske styresmakter har teke klar avstand frå overgrepa overfor amerikanske styresmakter.

- Saknar analyse

SV-leiar Kristin Halvorsen er, trass i den kritiske tonen frå Petersen, ikkje nøgd.

— Eg saknar ein analyse av i kva grad USA sin politikk og handlingar i det dei kallar kampen mot terror verkar positivt eller negativt. Så langt eg kan sjå er effekten negativ. Verda blir meir utrygg, og USA sin politikk fører til sterkare rekruttering til miljø som utfører terrorhandlingar. Dette bør nå Noreg seie klart frå om til USA, seier Halvorsen til BT.

Sp-leiar Åslaug Haga er også kritisk til Petersen. Ho meiner han burde gått lenger i kritikken av USA for behandlinga av fangane i Irak.

Både SV og Ap er kritisk til at Regjeringa vil halde fram med å ha norske offiserar i Irak etter at dei norske soldatane blir trekt ut i nær framtid.

- Verre i Afghanistan

Petersen slo fast at tryggingssituasjonen i Afghanistan blir stadig vanskelegare. Han viste til at forholda er prega av politiske, etniske og religiøse motsetnader. Han påpeika også at overgangsregjeringa blir motarbeidd av «lokale krigsherrar og element tilknytta Taliban og al-Qaida». Han var særleg uroa over det sterkt veksande narkotikaøkonomien.

STERK URO: Utanriksminister Jan Petersen uttrykte sterk uro over utviklinga i Irak då han heldt den utanrikspolitiske utgreiinga si for Stortinget i går. Her er han i samtale med Aps utanrikspolitiske talsmann Torbjørn Jagland i stortingssalen. <br/> FOTO: TOR RICHARDSEN/SCANPIX