• Noreg opptrådte som «nyttig idiot» då regjeringa sa ja til å utstyre USA med laserutstyr før krigen mot Irak.

VIDAR YSTAD

Det meiner tidlegare stortingsrepresentant og partileiar i SV, Stein Ørnhøi. Ørnhøi var også i si tid medlem av Forsvarskommisjonen.

— Eg har veldig vanskeleg for å tru at verdas sterkaste militærmakt skulle vere avhengig av dette laserutstyret frå Noreg for å gå til krig mot Irak, seier Ørnhøi til Bergens Tidende.

— Minst halvparten av denne saka er at USA ynskte å knyte allierte til seg i Irak for ikkje å operere åleine. I ettertid ser vi også at president Georg W. Busch viftar om seg med det norske flagget og nyttar det for alt det er verd i forsvaret av krigen i Irak, seier Ørnhøi.

Tidlegare forsvarssjef Fredrik Bull-Hansen avviser heller ikkje heilt at USA kan ha følt behov for å knyte fleire land til seg i operasjonane i Irak gjennom utstyrsleveransar. Han ser likevel ikkje bort frå at USA kan ha hatt behov for utstyret. Han meiner begge forklaringane kan vere rette.

— Det var viktig å skape ein allianse av «villige», som det gong på gong er framheva frå amerikansk side, seier Bull-Hansen til Bergens Tidende.