• Venstre treng nå ein leiar som er betre skikka til å inspirera partiet. Det har eg og sagt direkte til Lars Sponheim. Etter mi meining er Olaf H. Thommessen den rette til å overta.

Det er venstreveteranen Kjell Alvheim frå Øygarden som seier dette til Bergens Tidende. Han er medlem av valnemnda i partiet og fortel nå ope kvifor Venstre bør skifta partileiar på landsmøtet i mars.

Den tidlegare ordføraren, statssekretæren og gruppeleiaren i fylkestinget skal saman med dei andre i valnemnda møta Sponheim fredag morgon. Då er det venta at han seier frå om han tek attval eller er innstilt på å trekkja seg.

— Det er eit samstemt ønske i partiorganisasjonen å få ein leiar som kan inspirera grasrota, ein som kan gje ny glød med tanke på stortingsvalet i 2005, seier Alvheim som legg til at han her berre snakkar på eigne vegnar.

Trur på Thommessen

Kjell Alvheim, som i den første Bondevik-regjeringa (1997-2000) var statssekretær både i Arbeids- og administrasjonsdepartementet og i Forsvarsdepartementet, nektar ikkje for at Olaf H. Thommessen er ein leiarkandidat etter hans hjarte.

Alvheim har snakka så pass mykje med han at han er overtydd om at Thommessen kan gje partiorganisasjonen ein sårt tiltrengt kveik, og han grunngjev det slik:

— Eg har sans for Thommessen. Eg har hatt ein del samtalar med han i det siste for å læra han betre å kjenna, og eg er glad for at han signaliserer ein del liberale verdiar som er viktige for Venstre. Det gjeld m.a. viljen til å ta vare på dei svakaste i samfunnet, og det på ein måte som korkje Høgre eller Arbeidarpartiet har brydd seg om.

— Er han røynd nok til å bli partileiar?

— Eg ser at det spørsmålet er stilt, men etter mitt syn er det litt tøvete å føra ein slik diskusjon. Ingen er røynde før dei får prøvt seg.

Bør ikkje ut av regjeringa

— Statsminister Kjell Magne Bondevik krev i iallfall at også partileiaren i Venstre må vera med i regjeringa?

— Det har eg ikkje annan kommentar til enn at valnemnda i Venstre må vurdera leiarspørsmålet på fritt grunnlag. Vi kan ikkje ta omsyn til statsministerens disposisjonar i så måte.

— Har Lars Sponheim vore ein fiasko som partileiar?

— Nei, men det finst ei tid for alt. Han har i si tid som leiar i Venstre opplevd to gode val og deretter to dårlege. Han har gjort svært mykje godt for partiet, og eg var sjølv aktivt med på å få han som leiar i 1996.

— Bør han halda fram i regjeringa?

— Ja, det er ei allmenn oppfatning i partiorganisasjonen at han gjer ein kjempejobb i regjeringa. Eg har ikkje sett nokon i Venstre som ikkje verdset den innsatsen han gjer som statsråd, seier Kjell Alvheim.

Næringsminister?

Olaf H. Thommessen vil truleg lett kunne ta plass som ny næringsminister etter Høgres Ansgar Gabrielsen. Ei slik rokering vil knapt svekka regjeringa. Thommessen har brei røynsle frå næringslivet, m. a. som direktør i fleire store verksemder. Dessutan er han næringspolitisk talsmann for Venstre.

I så fall er det duka for at Høgre overtek Justisdepartementet, og at Odd Einar Dørum tek plass på Stortinget som Venstres parlamentariske leiar.