I ettermiddag sendte statsråd Bjarne Håkon Hanssen i Arbeids— og inkluderingsdepartementet ut ei pressemelding om Vanunu-saka. Vanunu får kome til Noreg og er sikra arbeids- og opphaldsløyve.

Pressemeldinga inneheld også ei vurdering av utlendingslova og retten til å innvilge asyl.

I pressemeldinga skriv Hanssen:

«Det er i henhold til utlendingsloven ikke mulig å innvilge asyl til personer som oppholder seg i hjemlandet.»

– Denne formuleringa er misvisande og ikkje i samsvar med utlendingslova, seier Terje Einarsen, spesialist på flyktnings- og asylrett ved Universitetet i Bergen.

– Det framgår direkte av lovteksten og forskrifta til utlendingslova at det er mogeleg å innvilge innreiseløyve og gje status som flyktning for søkjar som ikkje er i Noreg. UDI kan ta stilling til om søkjaren skal få status som flyktning før innreise. Og i alle fall kan UDI etter at søkjaren har reist inn til Noreg ta stilling til statusen, seier Einarsen.

SCANPIX