— Vi opplevde at innsamla midlar blei halvert i perioden frå 1992 til 1994, då striden stod på som hardast. Ikkje før i 2001 var vi tilbake på same nivå som før uroa tok til, fortel generalsekretær Gunnar Haugsveen.

— Striden tok knekken på folks gjevarglede?

— Vi merka det veldig klart. Striden skapte sår, både internt og utetter. Såra som var djupast og vanskelegast å lækje, gjekk på tilliten til organisasjonen.

Fekk ny stilling

I striden i Blindeforbundet stod dåverande generalsekretær Arne Husveg sentralt. Skuldingane gjekk mellom anna på tenesteforsømming og sabotasje av styrevedtak. I åra striden rasa blei mange tilsette sagt opp. Andre valde å slutta. Striden kløyvde også styret i to leirar, for eller mot generalsekretæren.

Noverande generalsekretær Gunnar Haugsveen var organisasjonsleiar i Blindeforbundet først på 90-talet, og opplevde kampen på nært hald. - Det som skjer i ein slik strid er at organisasjonen misser tillit. Etterpå må denne gjenreisast, og det kostar både krefter og pengar.

Skape ro

— Tillit kan ikkje kjøpast. Både enkeltmenneske og organisasjonar må gjere seg fortent til tillit. Det tek tid. Så når folk først sluttar å gje, er det eit hardt arbeid å få dei tilbake som gjevarar. Det er vanskelegare å få ein ny gjevar, enn å halde på ein gammal, seier Haugsveen.

— Slik eg oppfattar striden i Redningsselskapet, har selskapet kome så langt at dei no berre har ein ting å gjere. Ro og orden må reetablere så fort dei berre kan. Pina må gjerast så kort som råd. Men det er lettare sagt enn gjort, seier Haugsveen.