Kina og India vil stå for 60 prosent av auken i C02-utsleppa fram til 2030. Det vil skje dersom den økonomiske veksten held fram som i dag utan at det vert gjort noko med CO2-utsleppa. Då vil Kina og India sleppe ut dobbelt så mykje CO2 som USA, i følgje sjeføkonom Fatih Birol i det internasjonale energibyrået, IEA.

Avgjerdene som vil skape alle desse utsleppa vil bli tekne i løpet av få år.

Olje vil framleis vere den viktigaste energikjelda i verda, men veksten i trongen for energi i Kina og India vil i stor grad bli stetta av nye kolkraftverk.

Slepp opp for tid

Med ei levetid på 60 år vil nye kolkraftverk som vert bygd dei neste ti åra spy ut CO2 heilt fram til 2080. Difor hastar det med å få CO2-reinsing på plass. Frå og med 2013 bør alle nye energiverk vere CO2-utsleppsfrie, meiner IEA:

– Vi er i ferd med å sleppe opp for tid, seier Birol.

Miljøkonsekvensane av auka energibruk var hovudpoenget då Birol presenterte IEA sine vurderingar av energimarknaden på eit seminar i regi av StatoilHydro og IEA i Oslo i går.

CO2 vert også kalla drivhusgass, fordi forskarane reknar med at auka utslepp i atmosfæren vil gjer at mindre varme på jorda vil forsvinne ut i verdsrommet, nett slik glasvegger og tak held temperaturen oppe inne i drivhus.

Ansvaret i Vesten

Birol kritiserte ikkje indarane og kinesarane for deira økonomiske vekst og ønskje om ein leverstandard som i Vesten.

I høve til Europa, USA og Japan i Organisasjonen for økonomisk samarbeid og utvikling (OECD) ligg dei framleis langt etter.

Sjølv om til dømes talet på bilar i Kina vil auke frå 20 bilar pr. 1000 personar i dag til 140 bilar pr. 1000 personar i 2030, er det framleis langt fram til nivået i Europa (680 bilar) og USA (860 bilar).

Dei rike OECD-landa vil ikkje få gjennomslag for ein politikk som nektar kinesarar og indarar høgare levestandar, meiner Birol.

Men kinesarane sløser med energi, meiner IEA. Den største vasskraftutbygginga i Kina, Tre Kløfter, skaffar 85 TWh i året. Heile kraftproduksjonen kan bli sløst vekk innan 2020 på å drive stadig fleire umoderne kjøleskap og luftkjøleanlegg.

Vesten må overføre teknologi og kunnskap som gjer det råd å vekse utan å auke utsleppa så mykje.

– Ansvaret kviler på skuldrene til OECD-landa, seier Birol.