Utfordraren, Olaf Thommessen, struttar av ambisjonar. Han nektar å svare på om han er villig til å stille opp mot Sponheim. Han vil heller ikkje svare på om han er kandidat som nestleiar. Han vil ikkje eingong svare på om han kan tenkje seg å bli partileiar seinare.

«Uting»

Det lengste han er villig til å gå, er å erklære at han stiller seg til disposisjon for partiet for dei oppgåver partiet vil nytte han til.

Når han heller ikkje vil svare på kva han meiner om at Sponheim stiller til attval, opnar med det for spekulasjonar som han lett kunne ha avliva ved å seie at han: 1) ikkje stiller mot Sponheim, 2) ikkje er kandidat til leiarvervet.

Samstundes seier Thommessen at personkonfliktar av den typen er ein uting for eit parti.

Sponheim seier at han oppfattar Thommessen slik at han ikkje er nokon utfordrar. Om dette er rett, veit truleg berre dei to.

Skamros

På pressekonferansen i går skamroste Sponheim og Thommessen kvarandre:

Sponheim omtala Thommessen som det største politiske talentet han kjenner til. Ein person med eit veldig potensial.

Thommessen kvitterte med å karakterisere Sponheim som «ei suksesshistorie».

Dette gjer ikkje arbeidet for valnemnda enklare. Og leiaren i nemnda, veteranen Markus Sørensen, måtte i går vedgå at den sterke mostanden som har kome til uttrykk mot Sponheim frå fylkesleiarane, også vanskeleggjer arbeidet i valnemnda.

Omstridd

I nesten tre timar hadde Sponheim møte med valnemnda før han på ein improvisert pressekonferanse kunngjorde at han stiller til attval. Med på møtet var også Olaf Thommessen og parlamentarisk leiar, Trine Skei Grande.

Sponheim søker attval sjølv om han er fullt klar over, og vedgår, at han er omstridd i partiet.

— Mange synest nok at eg går litt fort fram, er litt hard i handtaket og har ein litt røff leiarstil, kunngjorde han i går.

Han seier at han har freista å endre seg sidan landsmøtet for to år sidan, bli meir inkluderande og bruke meir tid på partiet. Han seier at han også har rydda plass som statsråd for å kunne bruke meir tid på partiet.

Omstridd har han vore lenge, og Sponheim meiner at han er mindre omstridd i dag enn for to år sidan, då det også vart gjort forsøk på å kaste han.

I tvil om Thommessen

Det er også eit faktum at fleire av dei som arbeidde mest aktivt for å kaste han for to år sidan, meiner at han nå bør halde fram.

Det kan ha ein viss samanheng med at ikkje alle i partiet er overtydd om at Thommessen vil vere rett mann til å leie partiet. Dei er redd for at det vil innebere ei klar høgredreiing. Sentrale partifolk er skremde av den profilen Thommessen har gjeve av seg sjølv gjennom intervju i Venstre si internavis: sats på dei store byane, ja til EU og la gjerne tidlegare kjerneveljarar forsvinne.

Når motstanden mot Sponheim har vore så sterk i heimfylket, Hordaland, meiner han det for ein del kjem av at han ikkje har skaffa fleire frå Hordaland posisjonar.

— Men eg er leiar for heile Venstre, repliserer han.

- Bondevik letta

Sponheim har aldri vore redd for å seie kva han meiner. I går kunngjorde han at han, trass i motstanden som han opplever, er overtydd om at han er rett person til å leie partiet i to år til. Han seier også at han er trygg på seg sjølv og at han aldri har vore ein betre politikar enn han er nå.

Han seier at denne gongen er første gongen han for alvor har vurdert å trekkje seg som leiar. Når han ikkje gjer det, er det av omsyn til partiet, og dei viktige utfordringane partiet står overfor fram mot stortingsvalet i 2005.

Kva statsminister Kjell Magne Bondevik sine ønskje og behov har vore, har ifølgje Sponheim ikkje spela noka rolle for avgjerda hans. Men Sponheim stadfestar at Bondevik gav uttrykk for at han var letta, då Sponheim orienterte han om avgjerda si.