VIDAR YSTAD

Politiets sikkerhetstjeneste arbeider med å kartleggje den støtten som utenlandske terrorgrupper har i Noreg, kva slags pengeinnsamling det drives til desse grupperingane, og korleis beløpa blir sendt ut av landet.

— Vi har mistanke om at det går ein straum av pengar frå Noreg til finansiering av internasjonal terrorisme, seier sjefen for Politiets sikkerhetstjeneste (PST), Per Sefland, til Bergens Tidende. Sefland seier at mange i innvandrermiljøer blir pressa for pengar og at det også foregår kvitvasking. Et problem for PST er at personer med terrortilknytning kan oppholda seg i Noreg, og at stadig fleire asylsøkjarar kjem utan dokumenterbar identitet.

Vil ikkje utdjupe

Sefland avslår å gå nære inn på kva type næringsverksemd han har i tanke når han hevdar næringsverksemd er med på å finansiere internasjonal terrorisme. Han vil heller ikkje svare på kva type kriminalitet han siktar til når det gjeld kvitvasking av pengar til slike føremål.

Tidlegare er det vist til narkotikakriminalitet og spritsmugling.

Sefland innleidde i går på eittårsdagen for 11. september under eit seminar som Direktoratet for Sivil Beredskap arrangerte i Oslo.

Terroristar i Noreg?

Sefland meiner ein må vere på vakt overfor at personar som er knytt til terroristorganisasjonar oppheld seg her i landet, lovleg eller ulovleg.

Han påpeika at det er eit stort problem at ein stor del av flyktningar og asylsøkjarar som kjem hit til landet kjem hit utan identitetspapir og at det er nær sagt uråd å kontrollere identiteten deira.

Han slo fast at det er ei viktig oppgåve, reint tryggingsmessig, å hindre at flyktningar og asylsøkjarar får opphald i Noreg på heilt sviktande grunnlag og premissar. Han viste til at også FN har pålagt alle land ei slikt plikt som lekk i oppfylginga av tiltak etter 11. september for å hindre internasjonal terrorisme.

Sefland meiner faren for at Noreg eller norske interesser skal bli utsett for terroråtak er relativt liten, sjølv om faren er noko større enn før.

Derimot vurderer han faren for at utanlandske interesser, spesielt amerikanske og israelske, og i noko mindre grad, britiske, kan vere utsett for slik fare. Det gjeld ikkje minst ambassadane som difor må ha sterke tryggingstiltak.

Sefland hevda også at sensasjonsoppslag i media vanskeleggjer arbeidet med å gje eit rett bilete av trugsmålsituasjonen i Noreg.

Willoch på barrikadane

Tidlegare statsminister Kåre Willoch leidde det såkalla «sårbarhetsutvalget» som vurderte risiko- og tryggingstiltak for det norske samfunnet.

På seminaret i går slo han fast at det er naivt å tru at ein blir kvitt trugsmåla frå internasjonal terrorisme om ein får nedkjempa bin Laden og nettverket hans.

— Vi må skape ei verd som blir opplevd som rettferdig av fleire enn dei privilegerte, sa Willoch. Han vil med det fjerne ein viktig del av grunnlag for terrorisme. Og her går mykje på politiske tiltak for å hindre urettferdig fordeling. Men han er heller pessimistisk til om dei rika landa har tilstrekkeleg vilje til endring.

Willoch greip på ny fatt i forholda i Midt-Austen. Han viste til at jødane i si tid dreiv terror for å få ein eigen stat. Og han hevda at palestinarane først vart tekne på alvor etter at dei begynte med terror.