• Det var ikkje akkurat Setesdalen vi tenkte på då vi bad om utgreiingar om tilknytingsvegar til Hardangerbrua, seier stortingsrepresentant Petter Løvik.

Løvik, som er leiar i samferdslekomiteen på Stortinget, undra seg storleg då BT synte han brevet som Samferdsledepartementet nyleg har sendt til Vegdirektoratet med krav om fleire utgreiingar omkring Hardangerbrua.

Der krev departementet at det må gjerast «en grundig vurdering av problemstillinger knyttet til tilstøtende vegnett ved utbygging av Hardangerbru». Rv. 13 mot Odda og E 16 mot Voss er ikkje så svært langt unna. Heller ikkje Hardangervidda, men til Setesdalen er distansen rundt rekna 200 km.

— Setesdalen er viktig for Hardangerbrua. Vi var der på synfaring i fjor, og då var Einar Lutro frå Hardangerbrua AS med. Dalen har lite tungtrafikk i dag, men vi ønskjer ei vurdering knytta til kva Hardangerbrua kan få å seia, og kor trafikkstraumane vil gå, og dette vil vi ha så snart som mogleg. Det treng ikkje vera så omfattande. Men det er viktig at vi veit kva vi gjer, også med omsyn til Hardangervidda, seier samferdsleminister Torild Skogsholm til BT.

— Vi ser det ikkje som bruselskapet si oppgåve å byggja ut alle vegar som fører til Hardanger, sukkar styreleiar i Hardangerbrua AS, Einar Lutro, i eit brev til Samferdsledepartementet, der han bed dei halda seg innanfor visse grenser. Brevet er også sendt til medlemmene i samferdslekomiteen og til Hordalandsbenken på Stortinget. Einar Lutro er uroa over kva det siste utspelet frå departementet kan få å seia for framdrifta av brusaka. Han skulle så gjerne ha hatt brua opp i dette Stortinget.

— Vi må ta dette opp politisk på ein eller annan måte. Men på den andre sida kan ikkje Samferdslekomiteen leggja seg borti kva departementet meiner dei må ha av opplysningar frå Vegdirektoratet i arbeidet med proposisjonen om Hardangerbrua, seier Petter Løvik til Bergens Tidende. Verken Løvik eller Skogsholm vil gje noko bindande utsegn om at Hardangerbrua kjem til Stortinget før sommaren.