TERJE ULVEDAL

Det var i romjula Bergens Tidende presenterte utrekningar frå Energibedriftenes Landsforening (EBL) som viser at staten kan tene bortimot fire milliardar momskroner ekstra på dei ekstremt høge kraftprisane.

— Dette er direkte feil, seier statssekretær Øystein Børmer.

Han vil ikkje argumentere mot tala EBL presenterte for moms på straum åleine, men meiner at staten vil tape ekstramomsen på at innbyggjarane reduserer anna forbruk.

— Når straumprisen aukar, brukar folk mindre pengar på andre ting. Fordi folk kuttar ned på anna forbruk, blir statens samla inntekter av momsen uendra. Og det er dei totale momsinntektene som er interessante. I tillegg fører redusert straumforbruk til mindre inntekter frå den faste el-avgifta, seier Børmer.

— Korleis kan departementet vere sikre på at auka straumpris blir kompensert med å kutte ned på andre innkjøp?

— Erfaringar frå tilsvarande situasjonar tidlegare har vist at det fungerer slik.

Derimot gjev Øystein Børmer EBL rett i at statens eige kraftselskap, Statkraft, no er i ein situasjon der dei har vatn i magasina, og kan selje til ein svært god pris.

— Men kor mykje meirinntekter Statkraft frå av dette, har vi ikkje rekna på, opplyser statssekretæren i Finansdepartementet.