Vårsola lagar trøbbel for pollenallergikarane. Først kom det varme, fine påskevêret, og gav spesielt allergikarar på bypåske pustevanskar. Etter ferien har det fortsatt med varmerekord og Syden-stemning.

— Varme og vind er verst, fortel øyre-nase-hals-spesialist Tor Søderstrøm, som skriv ut reseptar på harde livet om dagen.

— Om dei høge temperaturane held seg framover, kan det bli tøft for pollenallergikarane.

- Gå til lege!

Bjørkesesongen - «den store, stygge ulven», for å sitere Søderstrøm - kjem med mai månad. Legens beste råd er å vere føre var.

— Det er viktig å ta antihistaminer i forkant av sesongen, for å lade opp batteria. Eg anbefaler folk å ta kontakt med lege, istaden for å gå rett på apoteket. Der har dei mykje bra medisin, men ikkje alt ein allergikar treng, meiner bergenslegen.

Allergivaksinasjon er eit alternativ til medisinering.

— Men dette er ei slitsam form for behandling, fordi pasienten må gå til lege minst kvar sjette veke i fire år. Dessutan er det uråd å vite på førehand om pasienten blir betre eller ikkje.

Legens beste råd

Stadig fleire nordmenn slit med allergiske plager, og minst 20-25 prosent har ein eller annan form for allergi. I tillegg til medisin er det lurt følgje desse råda frå Søderstrøm:

  • Sov med vindauget lukka
  • Ikkje heng klede til tørk ute
  • Unngå å ta bjørkeris inn i heim, klasserom eller barnehage. Fastelavenris er noko av det verste som finst for allergikarar!
  • Dreg du på biltur, ikkje køyr med opne vindauge. Kjøp gjerne spesielle luftfiltre til bilen
  • Legg gjerne sommarferien til høgfjell eller sjø, der det erfaringsmessig er mindre pollen. Båtferie er ideelt for allergikarar i graspollensesongen!
  • Følg med på pollenvarsel