Dette seier advokat Bente Oftedal Roli til Bergens Tidende. Ho har meir enn to ti-års brei røynsle med asylsaker som advokat i Oslo. Ho meiner styresmaktane sjølv må ta ansvaret med det opplegget ein har laga.

Ho hevdar stykkprissystemet også gjev dårlegare advokatarbeid: advokaten får betalt for eit fiksert timetal uten omsyn til tidsbruk og kvaliteten av arbeidet.

«Børsing» med klientar
- For to timars arbeid, blir det fakturert fem timar. Og det har vore mest snakk om rettferdig fordeling mellom advokatane av klientar. Det er konsekvensen av å lage ein marknad av asylsøkaroppdraga. Fokus burde i staden ligge på kvaliteten av rettshjelp for asylsøkarar, seier Roli.

Gode kjelder kan også fortelje om «børsing» med asylklientar:

- Eg har opplevd å få tilbod om 30 asylsøkarklientar på vilkår av at tolken får jobben som tolk. Slikt seier eg nei til, men eg har registrert at ein annan advokat tok imot både tolken og klientane. Dei sto i kø i trappa utanfor kontoret, fortel advokaten til Bergens Tidende.

Alarm om juks
TV 2-avsløringane måndag kveld av advokatfullmektig Terje Tune som «fabrikkerte» torturhistorier for asylsøkarar, slo ned som ei bombe både hjå styresmaktene og mellom advokatar som har arbeidd med den typen saker.

I går var det hektisk aktivitet i politiet, i Utlendingsdirektoratet, i Kommunaldepartementet og i Advokatforeningen etter dei famøse avsløringane. På ettermiddagen vart Tune meldt til politiet for falsk forklaring til offentlig myndigheter. Det seier politiadvokat Dag Paulsen ved Oslo politidistrikt til NTB.

I advokatfirmaet Furuholmen, fekk Tune sparken på dagen.

- Men prinsipalen i advokatfirmaet har ansvar for å halde styr på fullmektigen, seier advokat Carl Rieber-Mohn, til Bergens Tidende.

Politietterforsking
Oslo-politiet og Økokrim drøfta i går kven av dei som skal ta ansvar for etterforsking i ei sak mot Tune.

Han vart etterforska av Økokrim for tre år sidan, mistenkt dels for uregelmessige forhold knytta til arbeidet som visumattaché ved den norske ambassaden i Islamabad, dels knytta til arbeidet i UDI.

Begge sakene vart lagt vekk i 2000 av Økokrim, den eine «etter bevisets stilling», den andre avdi ein ikkje fann prov for at det hadde skjedd noko straffbart.

UDI-bakgrunn
Det er eit faktum at minst tre asyladvokatar med bakgrunn frå Utlendingsdirektoratet har vore eller er under etterforsking for arbeid dei har utførd med asylsaker. Det gjeld Trygve Tveter, Terje Tune og Edmund Nygård.

Den siste er for tida under etterforsking førebels sikta for menneskesmugling. I same sak er ei kvinne sikta. På kontoret til advokaten har politiet teke beslag i fire norske pass og ni utanlandske pass/indetitetsdokument, opplyser politiinspektør Pernille Nordendal til Bergens Tidende.

Tilsynsrådet for advokatverksemd har sett advokatbutikken til Nygård «under forvaltning». Nygård var tidelegare fullmektig hjå advokat Tveter.

Økokrim fann ikkje grunnlag for å «ta» Tveter, men han fekk klar kritikk frå Advokatforeningen for å ha hatt for mange klientar til å kunne gjere ein forsvarleg jobb.

Potensial
Fleire kjelder gjev overfor BT uttrykk for at ein må spørje seg om det er tilfeldig at tre advokatar med bakgrunn frå UDI hamnar i klisteret.

- Det er klart det ligg eit potensiale i å ha kunnskap om eit felt det ligg pengar i. Og vi veit at i utlandet skjer det svært mykje, seier Terje Sjeggestad til Bergens Tidende. Han har arbeidd ei årrekke i utlendingsforvaltninga, mellom anna som avdelingsdirektør i Utlendingsdirektoratet, som ekspedisjonssjef i Justisdepartementet og nå som direktør for Utlendingsnemnda.

- Kva slags bilete har ein eigentleg i UDI av norske advokatar som arbeider med asylsaker, når dei sjølve opptrer på ein måte som får politiet til å reagere, når dei kjem ut som advokatar? seier advokat Carl Rieber-Mohn til BT.

Kritisk til systemet
Ein annan advokat med solid bakgrunn frå denne typen saker seier at tidlegare saksbehandlarar i UDI har ein tendens til oftare å få medhald på søknadar om asyl enn andre, avdi dei veit nøyaktig korleis dei skal formulere seg overfor UDI.

Formannen i Advokatforeningen, Helge Aarseth, opplyser til BT at foreningen lenge har vore kritisk til måten advokatoppdrag i asylsaker blir fordelt på.

- Vi har meint og meiner framleis at den beste ordninga er tildeling gjennom ei vaktordning. Det var vi samde med Justisdepartementet om då Fornebu vart nedlagd og Gardermoen opna. Men ved omorganiseringa og overflyttinga av ansvaret til Kommunaldepartementet, vart ikkje avtalen om vaktordning oppretthalden. Vi skal i dag drøfte dette spørsmålet med Kommunaldepartementet på ny, seier Aarseth.