— Det er skuffande å registrere at statsråden seier han er «tilfreds» med budsjettet. Det er ikkje i samsvar med vurderingane i universitets- og høgskolesektoren. Vi må halde oss til fakta i budsjettet ikkje så mykje til kva statsråden seier, konstaterer rektor Sigmund Grønmo ved Universitetet i Bergen.

Han er langt fra nøgd med budsjettet.

— Sjølv om det er ein viss auke i løyvingane, er det langt frå nok til å gjenopprette situasjonen vi hadde før kuttet som vart gjennomførd i fjor. Kuttet i budsjettet vi opplevde i fjor blir dermed vidareførd i 2008, seier Grønmo.

I fjor fekk universiteta kutta 350 stipendiat- eller rekrutteringsstillingar.

— I neste års budsjett blir desse stillingane tilbakeførd. Men dette er langt frå nok til å få til den opptrappinga av norsk forsking som er uttalt som mål innan 2020 om ein prosent av bruttonasjonalproduktet skal nyttast til forsking. Då krevst det 520 slike stillingar pluss ei rekke postdoktor stillingar, seier Grønmo.

Grønmo legg til at det er behov for tilførsel av ekstra ressursar for å kunne nyttiggjere seg av dei 350 rekrutteringsstillingane.

— Det er behov for ein betydeleg innsats til rettleiing av dei som skal inn i rekrutteringsstillingane. Denne innsatsen må vi nå ta frå eksisterande stillingar. Det vil i neste omgang gå ut over forskingsinnsatsen og undervisningskapasiteten, seier Grønmo.