• Det er opplagt at Hans Kristian Svensholt bør opplyse om at han har personlege interesser i denne saka, meiner Henning Jakhelln, professor i arbeidsrett og leiar for institutt for offentleg rett ved Universitetet i Oslo

— Når han titulerer seg som kontreadmiral, er det opplagt at folk flest vil oppfatte det slik at han fortsatt er aktiv i Forsvaret. Dette er villeiande, meiner Jakhelln, som meiner Svensholt burde klargjere at han deltek i debatten som privatperson med lang fartstid bak seg i Forsvaret. Professor Jakhelln er i utgangspunktet glad for at fagfolk deltek i slike debattar.

— Personar med bakgrunn i høge offentlege stillingar har stor kunnskap om sakene dei har arbeidd med. Difor kan dei bidra til faktagrunnlaget for debatten. Men dei må vere redelege om si eiga rolle, meiner Jakhelln. Også jusprofessor Jan Fridthjof Bernt ved Universitetet i Bergen meiner Svensholt burde fortalt om kva han arbeider med i dag.

— Eg trur ikkje det er eit stort problem at tidlegare forsvarstoppar byter side - miljøet i Noreg er så gjennomsiktig at dei involverte uansett vil vite kven dei forskjellige representerer. Men dette forutset sjølvsagt at alle spelar med opne kort, seier Bernt.