For å vere heilt trygg vil ein likevel be Lovavdelinga i Justisdepartementet vurdere spørsmålet med bakgrunn i avgjerda om val av IT-system i Forsvaret.

Måndag reiste avisa Dagens Næringsliv spørsmål ved habiliteten til forsvarsministeren på bakgrunn av at ektemannen hennar, Arve Strøm-Erichsen, har ei direktørstilling i IT-konsernet EDB. Saka vart omtala i DN tysdag.

Anne-Grete Strøm-Erichsen opplyser til Bergens Tidende at juristane i Forsvarsdepartementet har vurdert habiliteten hennar etter at ein journalist reiste spørsmålet måndag.

— Eg har fått ei førebels vurdering som konkluderer med at det korkje formelt, eller ligg føre særlege grunnar til at eg skulle vere ugild i denne saka, seier Strøm-Erichsen.

— Vi vil likevel be om ei vurdering frå Lovavdelinga i Justisdepartementet om spørsmålet, seier statsråden til BT.

Måndag kunngjorde statsråden at ho har bestemt at dataprosjektet Golf i Forsvaret blir skrinlagd og omdøypt til LOS. Samstundes blir det lagt opp til eitt samlande felles datasystem for Forsvaret. Avgjerda var i strid med tilrådinga frå mellom andre forsvarssjef Sverre Diesen.

Statsråden seier at ho i praksis har ført vidare ei avgjerd som vart fatta allereie i 2001, av ein annan statsråd.

— Slik sett er det ingen ny kurs. Spørsmålet var heller om vi skulle endre strategien som vart trekt opp i 2001 eller vidareføre den som var fastlagd.

  • Det er rett at mannen min gjennom selskapet EDB arbeider med drift av datasystem for stordrift innan bank og forsikring. Eg er nå også blitt kjent med at selskapet EDB har eit dotterselskap som driv konsulenttenester på SAP-teknologi.

— Men det er ikkje noko kundeforhold mellom EDB og Forsvaret. Då kan det heller ikkje vere noko habilitetsproblem for meg i denne samanhengen. Dersom det derimot hadde vore eit kundeforhold her, ville saka ha stilt seg annleis, seier Anne-Grete Strøm-Erichsen.